Etiopia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonalt motto: --- | |||||
Offisielt språk | Amharisk | ||||
Hovudstad | Addis Ababa | ||||
Statsform | Forbundsrepublikk | ||||
President | Girma Wolde-Giorgis | ||||
Statsminister | Meles Zenawi | ||||
Areal - Total - herav vatn |
Areal 26 1 127 127 km² 0,7 % |
||||
Folketal - Totalt - Pr. km² |
Storleik 16 67 673 031 60/km² |
||||
Sjølvstende | Historisk | ||||
Valuta | Birr | ||||
Tidssone | UTC+3 | ||||
Nasjonalsong | Whedefit Gesgeshi Woude Henate Ethiopia | ||||
Nasjonalt toppnivådomene | .et |
Etiopia (amharisk « ኢትዮጵያ» (Ityop'iya) frå gamalgresk αίθαλο, aíthalo - sotet og οψ, ops - ansikt, tidlegare Abessinia) er ein Republikk i Aust-Afrika.
Etiopia grensar mot Eritrea, Djibouti, Somalia, Kenya og Sudan. Den blå nilen byrjar her, i Tana-sjøen.
Innhaldsliste |
[endre] Folkesetnad
[endre] Folkegrupper
Dei største gruppene er oromo 40%, amhara og tigre 32%, andre grupper er sidamo 9%, shankella 6%, somaliarar 6%, afar 4%, gurage 2%, og andre tilsaman 1%. Sjølv om amhararane er i mindretal, er statsapparatet dominert av amharar.
Folkesetnaden sin gjennomsnittsalder var i 2002 17,3 år. Spedbarnsdøydelegheit var zlitt over 10% (2003), og gjennomsnittleg levealder var 41,2 år (2003)
[endre] Språk
Sjå Språk i Etiopia
Det blir snakka 84 språk i Etiopia. Blant dei er amharisk (offisielt), tigrinsk (offisielt), oromign, guaragign, somalisk, arabisk og engelsk (offisielt). I lag med Tanzania er Etiopia det landet sør for Sahara som har satsa mest på ein språkpolitikk som byggjer på eigne språk. Amharisk blir skrive med eit eige stavingsalfabet, fidel, som er ein variant av ge'ez-skriftsystemet. Fleire andre språk, m.a. tigrinsk, blir skrive med det same alfabetet.
I 2003 var godt over halvparten av den voksne folkesetnaden analfabetar.
[endre] Religion
Dei største gruppene er muslimar 45 %, kristne 40 %, og animistar 12 %. Den etiopiske kyrkja har røter attende til urkristendomen, ho var del av den koptiske kyrkja fram til 1959.
[endre] Økonomi
Etiopia sin handel med varer består hovudsakleg i eksport av kaffi, i 2001 23,4 % av bruttonasjonalproduktet.
- BNP: 700 $ / inbyggjar
[endre] Økonomisk struktur
- Landbruk: 46,3 %
- Tenester: 41,1 %
- Industri: 12,6 %
[endre] Historie
Etiopia er det eldste uavhengige landet i Afrika, og det einaste afrikaske landet som aldri var koloni.
Landet vart styrt av keisar Haile Selassie på mesteparten av 1900-talet, avbrote av ein kortvarig italiensk okkupasjon frå 1936 til 1941. Haile Selassie vart styrta i 1974, av ein prosovjetisk marxistleninistisk junta, Dergen, som gjorde Etiopia til ein eittpartistat. I 1991 vart Dergen styrta av Ethiopian Peoples Revolutionary Democratic Front (EPRDF), som framleis sitt med makta.
[endre] Klima
Etiopia er kjend for sine katastrofale tørkeperiodar, så ein kan kanskje bli overraska over kor behagleg klimaet eigentleg er i dette området. Dei høgareliggande områda i vest slepp unna den steikande varmen i Denakilørkenen og lummervarmen i det søraustlege låglandet. Om vinteren bles det vanlegvis ein nordaustleg vind frå Arabia, og over om lag 2000-2200 m har ein ofte frost, sjølv om dagtemperaturen vanlegvis er over 20 ºC. Den kjølegaste tida på året er juli og august då daglege torevêr flyttar seg over desse høgdedraga. Hagl er ikkje uvanleg, og mange dagar ser ein berre glimt av sola mellom skyene om morgonen og ettermiddagsbygene. I dei sørlege Oromofjella kan ein få store nedbørsmengder når desse bygene blandar seg med monsunvinden frå Det indiske havet.
Frå mars til mai kan ein få kortare periodar med lett regn i dei austlege fjellområda. I samband med El Niño-hendingar kan ein få fleire periodar med lett regn, men færre episodar med store nedbørsmengder, og dette kan medføre tørke. I samband med La Niña episodar skjer ofte det motsette (mindre lett regn, meir kraftig regn).
[endre] På verdsveven
- Wikipedia på amharisk
- http://www.ethiosearch.com Etiopisk søkemotor på amharisk og engelsk med daglege nyhende, restaurant-anmeldingar, og meir.
- http://www.amharicsoftwares.com Amharisk programvarebutikk - last ned gratis Unicode standard Geez-programvare
- Nazret.com Ethiopisk nyhendeportal, diskusjonsforum, Web Directory og blogg.
- ElectionsInfo.com Diskusjonar om etiopiske val
- Universitetet i Pennsylvania sitt afrikastudiesenter - Etiopiasida.
- Ethio Networks - Internettsider på amharisk
- Ethiopia at The Index on Africa - Etiopiasider på indeksen til Afrika, fyrste port til Afrika på Internettet.
- http://www.ethioindex.com/
- http://www.myethiopia.info/
- http://tezeta.org/
- http://www.ethiozena.net/
- Addis Tribune - Avis med nettoppdatering kvar veke.
- Walta Information Center - Nyhende og informasjonsservice.
- http://www.ethiopianreporter.com/
- http://www.helmmagazine.com/ Helm Magazine - publikasjon med kunst, kultur, mote og talent frå Etiopia
- Ethiopundit - «Eklektisk etiopiske og etioamerikanske kommentarar»
Inndeling av Etiopia | ||
---|---|---|
Regionar | ||
Afar | Amhara | Benishangul-Gumaz | Gambela | Harari | Oromia | Somali | Den sørlege regionen | Tigray | ||
Byar med eigen status | ||
Addis Ababa | Dire Dawa |
Aust-Afrika |
Burundi | Djibouti | Eritrea | Etiopia | Kenya | |