User Datagram Protocol
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Applikasjonslaget | HTTP, SMTP, FTP, SSH, IRC, SNMP ... |
Transportlaget | TCP, UDP, SCTP, DCCP ... |
Nettverkslaget | IPv4, IPv6, ARP ... |
Datalinklaget | Ethernet, Wi-Fi, Token ring, FDDI ... |
Fysisk lag | RS-232, RS-449 ... |
User Datagram Protocol (UDP) er ein enkel transportlagsprotokoll i Internett-protokollfamilien. UDP er forbindelseslaus, pakkeorientert og upåliteleg. Desse eigenskapane gjer at for kvar sendeoperasjon gjort av ein prosess så blir nøyaktig ei IP-pakke sendt. UDP sender pakkar vidare ned til IP-laget, men det er ingen garanti for at dei kjem fram til den andre enden. Ein pålitleg transportlagsprotokoll som TCP har større protokollhovud, krev ofte at eit samband blir sett opp før overføringa kan starte og er meir utsatt for ukontrollerte forseinkingar. Dette er eigenskapar som er uønska for tildømes dataspel eller video og lyd i sanntid. Difor blir UDP brukt mykje til slike ting. I tillegg blir UDP brukt til mellom anna DNS og NTP.