File Transfer Protocol
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Applikasjonslaget | HTTP, SMTP, FTP, SSH, IRC, SNMP ... |
Transportlaget | TCP, UDP, SCTP, DCCP ... |
Nettverkslaget | IPv4, IPv6, ARP ... |
Datalinklaget | Ethernet, Wi-Fi, Token ring, FDDI ... |
Fysisk lag | RS-232, RS-449 ... |
FTP (File Transfer Protocol) er ein protokoll for å overføre filer på eit nettverk som nyttar IP-protokollen. Brukaren koblar seg opp mot ein FTP-tenar ved hjelp av ein FTP-klient, enten ved at brukaren har ein brukarkonto eller at det er opna for anonyme brukarar på tenaren. Ved ei vellukka pålogging kan filer overførast i begge retningar, avhengig av oppsettet på tenaren har. Dei fleste nettlesarar støttar FTP, men det finst også eigne fristtståande FTP-klientar.
[endre] Detaljert virkemåte
FTP tek i bruk to TCP forbindelser for å kommunisere med tenaren. Ein FTP-sesjon startar ved at klienten koblar seg opp mot tenaren ved å åpne ein TCP forbindelse kalla kontroll-tilkoblinga mot port 21 på tenaren. Over denne tilkoblinga blir det overført kommandoar i klartekst. Eit eksempel på ein slik kommando er USER (eng: brukar) som blir brukt av FTP-klienten for å overføre brukarnavnet. Tenaren vil deretter svare med ei statuskode avhengig av om kommandoen vart akseptert eller ei. Denne TCP tilkoblinga blir oppe så lenge brukaren er logga inn.
Når ei fil skal overførast blir det oppretta ein ny TCP forbindelse som blir kalla data-tilkoblinga. Den er ope heilt til fila er overført. Data-tilkoblinga kan opprettast på to måtar, enten ved at tenaren opprettar ein forbindelse mellom seg og klienten (aktiv FTP), eller ved at klienten opprettar ein forbindelse mellom seg og tenaren (passiv FTP). Viss maskina som FTP-klienten køyrar på er bak ein brannmur, så må ofte passiv FTP nyttast sidan tenaren ikkje får opprette ein ny forbindelse mot klienten. På grunn av at det er klienten som opprettar forbindelsen er passiv FTP sikrare (for klientmaskina) enn aktiv FTP. På grunn av dårleg sikkerheit vert FTP i stort mon erstatta av scp.
[endre] Eksterne lenkjer
http://www.ietf.org/rfc/rfc0959.txt?number=959 Spesifikasjonen av FTP frå 1985
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia.
Anonymous FTP Sites List List of currently known anonymous FTP sites.
[endre] Kjelder
W. Richard Stevens: TCP/IP Illustrated Volume 1, The Protocols Addison Wesley 1994