Ethernet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ethernet (eller ethernett) er den vanlegaste typen lokale datanett (LAN) og er spesifisert i standarden IEEE 802.3. Ethernet vart i starten utvikla av Xerox, seinare utvikla vidare av Xerox, DEC og Intel. Datanett som nyttar ethernet-teknologi, kan vere bygd opp av koaksialkabel eller TP-kabel (tvinna parkabel), eller dei kan vere trådlause WLAN. Teknologien hadde opprinneleg ein overføringsfart på 10 Mbps.
Hurtig ethernet er ei vidareutvikling av ethernet som støttar overføringsfart på 100 Mbps, seinare er også gigabit-ethernet og 10-gigabit-ethernet komne til.
Ethernet har fått namnet sitt etter eteren, ein substans ein tidlegare trudde fylte heile verdsrommet og tillét lys og radiobylgjer å breie seg, på same måten som lyd i luft. Namnet spelar på kabling som eit passivt medium som tillet overføring av data utover heile nettet.
Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over dataspirer. |