Vest-Europa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vest-Europa er eit hovudsakleg kulturelt og politisk omgrep skapt under den kalde krigen som ein motsetnad til Aust-Europa. Området kan definerast på ulike måtar, til dømes som «land som ikkje hadde kommunistisk styre».
Det åtskilte seg tidlegare, og til dels enno, frå Aust-Europa på område som økonomi, politikk, kultur og religion heller enn på klåre geografiske grenser. Desse grensene overlappar kvarandre og endrar seg opp gjennom soga, noko som gjer definisjonen av Vest-Europa vanskelegare.
I dag har omgrepet Vest-Europa mindre med geografi og meir med politikk å gjere. Omgrepet blir ofte assosiert ofte med liberalt demokrati, kapitalisme og EU. Dei fleste av landa i regionen deler nokre historiske, økonomiske og politiske band med USA og Canada i Nord-Amerika. Utover dette blir Skandinavia ofte assosiert med sosialdemokrati og eit ønske om til vanleg å vere rimeleg nøytral i internasjonale konfliktar.
Regionar i verda | |||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|