Vesuv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vesuv (it. Monte Vesuvio) er ein vulkan aust for Napoli i Italia. Han er den einaste aktive vulkanen på det europeiske fastlandet, men har ikkje hatt nokon større utbrot sidan 1944. Vulkanen er best kjend for utbrotet sitt i år 79, som dekka byane Pompeii og Herculaneum.
Vulkanen var truleg ikkje aktiv i perioden 800 fvt. — år 79 evt. og skal ha målt heile 2 000 meter. «Fjellet» var i denne perioden dekka med vegetasjon.
I år 79 gjorde eit utbrot at husa og innbyggjarane i dei blomstrande byane Pompeii og Herculaneum vart gravlagt i oske og stein. Ein røyksky skal ha strekt seg 32 kilometer opp i vêret. Utbrotet er skildra av Plinius den yngre i to brev som er datert til år 108 og i nokre vers skrive av poeten Martial i år 88. Valdsame vulkanutbrot blir i dag kalt «plinianske utbrot», etter namn frå historikaren Plinius.
Vesuv er ein del av den campianske vulkanbogen, som omfattar ei rekke vulkanar, utdøydde og levande, i regionen Campania i det sørlege Italia.
Vesuv nasjonalpark måler 10 000 m² og er Italias minste. Han vart offisielt opna i 1995 for å verne om den historiske og kulturelle arva i området.
Vulkanen er òg kjend som bustaden til Magica frå Tryll, ein Disney-figur som er kjend for å jakte på Skrue McDucks lykketiøring.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |