Italiensk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Italiensk (Italiano) |
||
Klassifisering: | Indoeuropeiske språk italiske |
|
Bruk | ||
Tala i: | Albania, Frankrike, Italia, Monaco, Kroatia, San Marino, Slovenia, Sveits, Vatikanstaten | |
Område: | Sør-Europa | |
Italiensktalande i alt: | 70 millionar | |
Rangering: | 19 | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Italia, San Marino, Sveits, Vatikanet | |
Normert av: | Accademia della Crusca | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | it | |
ISO 639-2: | ita | |
SIL | ITA |
Italiensk er eit romansk språk som blir tala av omkring 70 millionar menneske, dei fleste av desse bur i Italia.
Standard italiensk er bygd på toskansk dialekt (frå regionen Toscana) og ligg på ein måte mellom språket i Sør-Italia og Nord-Italia. Den lenge etablerte toskanske standarden har dei siste tiåra blitt litt utvatna av varianten dei talar i storbyen Milano, som er det økonomiske sentrum i Italia.
Italiensk er ein etterkommar etter latin, og blei formalisert på 1300-talet gjennom verka til Dante Alighieri, som blanda sørlege dialektar, særleg sisiliansk (frå Sicilia), med sin eigen toskanske dialekt i dei episke dikta Divina Commedia. Dante sine høgt elska verk blei lesne over heile Italia, og hans skrivemåte blei standarden som alle andre kunne skjønne. Dante blir framleis gitt æra for å ha standardisert det italienske språket. Som sagt er den toskanske dialekten det noverande målføret som ligg nærast Dante sitt språk, som enno altså er grunnlaget for standard italiensk.
Italiensk tilhøyrer den italo-dalmatiske språkgruppa, som igjen tilhøyrer den italo-vestlege delen av dei romanske språka, som er ei undergruppe av den italiske greina av indoeuropeisk.
Italiensk er det offisielle språket i Italia og San Marino, og i Sveits, i kantonane Ticino og Grigioni (norsk/tysk Graubünden). Det er også det andre offisielle språket i Vatikanstaten og i Istria fylke i Kroatia og tre kommunar i Slovenia, der det finst ein italiensk minoritet. Språket blir mykje bruka av italienske utvandrargrupper i Luxemburg, USA, Venezuela, Brasil, Argentina, Canada og Australia, og blir dessutan tala av somme i grannelanda Malta og Albania. I mykje mindre grad kan ein også somtid høyre det tala i delar av Afrika som tidlegare var styrte av Italia, landa Somalia, Libya og Eritrea.