Napoli
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Napoli er den største byen i Sør-Italia og hovudstad i regionen Campania. Byen har rundt 1 million innbyggjarar. Ikkje langt frå byen ligg vulkanen Vesuv.
Napoli vart truleg grunnlagt av greske kolonistar frå Pithekusai (Ischia) rundt 8. århundre fvt., og var del av Magna Graecia.
Fram til samlinga av Italia var Napoli eit eige kongedøme, som omfatta mesteparten av det sørlege Italia og Sicilia.
I Napoli ligg San Carlo, det eldste operahuset i verda som framleis er i drift. Det vart opna 4. november 1737.
Ifølgje tradisjonen var det i Napoli at den italienske matretten pizza oppstod.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |