Vikedal kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vikedal er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Rogaland, i dag er det meste i Vindafjord kommune, medan resten høyrer til Tysvær
Vikedal formannskapsdistrikt blei oppretta i 1837. 1. januar 1923 blei både Imsland og Sandeid skilde ut frå Vikedal som eigne kommunar. Vikedal kommune hadde etter frådelinga 924 innbyggjarar.
1. januar 1965 blei det meste av Vikedal kommune slått sammen med Imsland og Sandeid, delar av Skjold og det meste av Vats kommune til den nye Vindafjord kommune. Den delen av Vikedal som blei del av Vindafjord hadde 978 innbyggjarar.
Samtidig blei gardane Hapnes og Dokskar i Vikedal med 16 innbyggjarar slått saman med kommunane Nedstrand og Tysvær og delar av Avaldsnes, Skjold og Vats til dagens Tysvær kommune.