Avaldsnes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Avaldsnes på Karmøy i Rogaland fylke er best kjend som eit gammalt norsk hovdingsete og den første norske kongsgarden. Det er gjort særs rike funn frå mest heile førhistoria i dette området. Avaldsnes er vald som tusenårsstad for Rogaland fylke. Nordvegen er eit gamalt namn på Karmsundet, og skal ha gjeve opphav til namnet Noreg.
Staden er kalla opp etter sogekongen Augvald, som hadde herredømet over området rundt, særleg kystleden. Etter slaget i Hafrsfjord om lag 872 la Harald Hårfagre hovudgarden sin til Avaldsnes, noko som gjer det til det eldste kongssetet i Noreg.
Seinare forfall kongsgarden, og det viktigaste landemerket på staden blei Avaldsnes kyrkje (Olavskyrkja), som Håkon Håkonsson bygde i 1250. Kyrkja er ei av dei største steinkyrkjene frå mellomalderen i landet, og hadde status som kongeleg kollegiatkyrkje.
Like nord for kyrkja kan ein enno ane restane etter ein stor gravhaug. I den vart funne den rikaste grava frå romertid i heile Noreg. Den inneheldt mellom anna ein gullring på over 600 g, og romerske kar av sølv og bronse. På nordsida av kyrkja står óg ein 7,2 m høg bautastein, ein av dei største i landet. Han blir kalla 'Jomfru Marias synål', og har etter alt å døme vore ein av fleire slike steinar på staden. Steinen lutar inn mot kyrkjeveggen, og eit gamalt sagn seier at dersom steinen rører ved veggen, då kjem Dommedag. Det er tydelege teikn på at ein har ville utsette dette, sidan det er slege store stykke av toppen på steinen.
Innhaldsliste |
[endre] Gravhaugar
Om lag ein kilometer vest for Avaldsnes kyrkje ligg Reheia eller Blodheia, med det einaste døme på storhaugar frå bronsealderen i rekkje. Elles er dette berre kjend frå Danmark og Sør-Sverige. Fleire av haugane er gravne ut, og har gitt rike funn. Ved Karmsundet om lag to kilometer nord for kyrkjestaden ligg Storhaug, ein gravhaug på over 40 meter tverrmål. Der vart i 1886 funne ein stor skipsgrav frå merovingartida (680-750), altså er dette den eldste skipsgrava i Norden.
Grønhaug var ein annan storhaug, noko nærare kyrkjestaden. Han vart undersøkt i 1902, og inneheldt óg eit 15 meter langt skip. Grava hade vore plyndra, etter alt å døme kort tid etter jordfestinga, og store deler av den døde og gravgodset var fjerna. Det som er att viser at den døde hadde vore ein godt vaksen mann, og radiologisk datering viste at gravlegginga har funne stad i første halvdel av 900-talet.
[endre] Vikingmuseum
I dag har ein rekonstruert ein vikinglandsby på Avaldsnes som del av det nye historiesenteret. Nordvegen Historiesenter på Avaldsnes vart opna den 29. april 2005 av Dronning Sonja. Senteret legg vekt på området si historie.
[endre] Avaldsnes kommune 1837-1965
Avaldsnes er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Rogaland fylke, oppretta i 1837 som Avaldsnes formannskapsdistrikt. Den 16. august 1866 vart Kopervik skild ut som eigen kommune frå Avaldsnes. Avaldsnes hadde på då 4 735 innbyggjarar.
Den 1. januar 1909 vart Stangaland (Kopervik) skild ut. Innbyggjartalet i Avaldsnes var med dette nede i 3 213.
Den 1. januar 1965 vart Avaldsnes kommune delt og innlemma i Karmøy og Tysvær kommunar. Den delen som låg på Karmøy hadde 4 153 innbyggjarar, og vart slegen saman med Kopervik, Skudenes, Skudeneshavn, Torvastad og Åkra kommunar til Karmøy kommune.
Ein annan del, utgjort av Førre, Gismarvik og Stegaberg krinsar vart slegen saman med Tysvær kommune. Folketalet i denne delen av Avaldnes var då på 994.