Yen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yen, av japansk en eller yen (円) er den japanske valutaeininga. Namnet tyder på japansk sirkel.
Den internasjonale valutanemninga for Yen er JPY. Det latinske symbolet er ¥.
Yen vart innført som valuta i Japan i år 1871. Dei offisielle mynteiningane vart då yen (圓), sen (錢) og rin (厘). 1 yen = 100 sen = 1000 rin.
I 1954 vart sen og rin teke ut av omløp.
Pengesetlane finst i fylgjande valørar:
- 1 000 yen
- 2 000 yen
- 5 000 yen
- 10 000 yen
Myntane finst i fylgjande valørar:
- 1 yen
- 5 yen
- 10 yen
- 50 yen
- 100 yen
- 500 yen
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |