Yukon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hovudstad | Whitehorse |
Flatevidd
- Rangering i Canada |
482 443 km² 9 |
Folketal (2006) - Rangering i Canada |
31 229 12 |
Grunnlagd | 13. juni 1898 |
Offisielle språk | engelsk, fransk |
Premierminister Visekonge |
Dennis Fentie Geraldine Van Bibber |
Nettstad | www.gov.yk.ca |
Yukon er eitt av tre territorium i Canada. Det ligg heilt nordvest i Canada, med grense mot Alaska. Arealet av territoriet er 482 443 km², av det over 8000 km² sjøar. Yukon er mykje kjent for gullrushet i Klondike i 1897–1898. Namnet til territoriet kjem frå elva Yukon, som på gwich’in tyder 'stor elv'.
Kartomrisset er trekantforma med sidene mot Britisk Columbia i sør, Alaska i vest og mot Nordvestterritoria i aust. Nordspissen av triangelet har ei kystlinje på under 200 kilometer i nord mot Mackenziebukta i Beauforthavet. I 2006 var folkesetnaden i territoriet på 31 229 eller 0,06 pr. km². Mange av innbyggjarane i territoriet er frå ei av dei talrike folkegruppene av amerikanske urfolk.
Canada: Provinsar og territorium | |
---|---|
Provinsar: Britisk Columbia · Alberta · Saskatchewan · Manitoba · Ontario · Quebec |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |