Øks
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei øks er eit reiskap som består av eit øksehovud i metall eller stein og eit skaft, som oftast laga i tre eller plastikk. Øksehovudet har som regel ein skarp egg i den eine enden, mens den andre enden er butt.
Innhaldsliste |
[endre] Bruk
Ein kan bruka økser til å kløyva eller hogga sund ulike materiale, særleg tre. Sidan øksa gjev ein ekstra styrke og har ein skarp egg, vert ho også nytta som våpen og har i tidlegare tider vore viktig i krigar. Andre som nyttar ulike former for øks er brannmenn og klatrarar.
[endre] Historie
Øksa er eit svært gammalt reiskap. Dei eldste øksene som er funne, såkalla handøkser utan skaft, er to millionar år gamle og blei brukt av Homo habilis. I Skandinavia finst økser i mellom anna flint mellom 8000-4000 f.Kr. og økser i koppar og bronse frå tidleg bronsealder (om lag 2000 f.Kr.).
[endre] Sjå òg
- Bile
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |