Øygarden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1259 |
Fylke: | Hordaland |
Administrasjonssenter: | Tjeldstø |
Flatevidd: | 65 km² |
Folketal: | 4 077 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.oygarden.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Olav Martin Vik (TVØ) 2003-2007 |
Øygarden er ein øykommune utanfor Bergen i Hordaland fylke.
Øygarden kommune er ein kystkommune med ca. 4000 innbyggjarar som ligg nordvest for Bergen, nord for Sotra. Kommunen vart oppretta i 1964 av gamle Hjelme kommune og delar av Herdla herad. Om lag 450 øyar, holmar og skjær utgjer kommunen.
Saman med Askøy toppar Øygarden statistikken over dei raskast veksande kommunane i Hordaland. Innbyggjartalet auka med 2,6 prosent i 2005. Dei største, bebudde øyane er, frå sør til nord: Toftøy, Rongøy, Blomøy, Oøy (Oen), Alvøy og Hellesøy.
På ein av desse øyane, Oøy, også kalt One ligg Kollsnes og bygdane Oen og Breivik
Dei eldste funn etter menneskje i Norge er frå Øygarden, nærmare bestemt Blomvåg.
Kystmuseet i Øygarden og Nordsjøfartmuseet i Telavåg i Sund gjer saman ut tiddskriftet «Havstrilen»
[endre] Bakgrunnsstoff
- Kystmuseet i Øygarden
- Vestnytt, lokalavis for Fjell, Sund og Øygarden
- Kommunefakta Hordaland frå Statistisk Sentralbyrå
[endre] Litteratur
- Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Nordre Øygarden', Bergen 1983.
- Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Herdlevær, Breivik, Oen, Rosnæs, Dalsnæs, Blom, Sæle, Bergen 1981.
- Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Ulvsøy, Rong, Torsvik, Toftevåg, Toft, Vik, Bergen 1981.
- Sjursen, Jahn Alfred: Ættebok for Blomvaag, Bergen 1980.
|