Basilique de Notre Dame de la Paix
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Notre Dame de la Paix i Yamoussoukro på Elfenbeinskysten er det største kyrkjebygget i Afrika, truleg også i verda.
Pierre Fakhoury var arkitekt for kyrkja, som mellom anna er inspirert av Peterskyrkja i Roma. Byggearbeidet gjekk føre seg mellom 1985 og 1989, og prislappen blei om lag 250 millionar euro. Pave Johannes Paul II innvigde basilikaen den 10. september 1990. Han ville bare gjera dette om ein òg bygde eit sjukehus i nærleiken av kyrkja, og la ned grunnsteinen for dette. Grunnsteinen ligg fortsatt åleine på ei tom tomt, og sjukehuset er framleis ikkje blitt bygd.
Det var Félix Houphouët-Boigny, den mangeårige ivorianske presidenten, som tok avgjerda om å bygga basilikaen i heimbyen sin, og sørga for pengestøtte til arbeidet. Presidenten er avbilda i eit glasmåleri inne i kyrkja, like ved Jesus og apostlane, slik at han blir ein slags trettande apostel.
[endre] Namn
Notre Dame (Vår frue) er eit vanleg namn på kyrkjer i område der fransk språk er nytta. Namnet viser til Jomfru Maria. Ei omsetjing av namnet kan vera vår frue av fred.