Bourgogne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bourgogne | |
Fakta | |
Hovudstad | Dijon |
Regionspresident | François Patriat |
Flatevidd | 31 582 km² |
Folketal | 1 610 067 (1999) Rangering |
Folketettleik | 51 innb./km² |
Arrondissement | 15 |
Kantonar | 174 |
Kommunar | 2 045 |
Geografi | |
![]() Departement |
Bourgogne (norsk: Burgund, engelsk: Burgundy) er ein fransk region. Regionen vert utgjort av departementa Côte-d'Or, Nièvre, Saône-et-Loire og Yonne. Større byar i Burgund er Auxerre, Dijon, Macon og Nevers. I regionen vert det produsert vin av typen bourgognevin, korn og kjøt.
[endre] Historie
Burgundarane skal i høve uvisse kjelder ha utvandra frå Bornholm, og på 200-talet var dei ved elva Main. I folkevandringstida gjekk dei over Rhinen og fekk løyve av romarane til å slå seg ned i området mellom Genèvesjøen og Middelhavet. Riket vart erobra av frankarane på 500-talet og vart etter kvart delt i to delar, Cisjuranske Burgund og Transjuranske Burgund. I 933 vart desse slege saman til kongeriket Burgund med hovudstad i Arles.
Etter at Rudolf III døydde gjekk riket over til det tysk-romerske riket, som seinare tapte det. Burgund vart delt opp i ulike grevskap og bispedøme. På 1300- og 1400-talet vart Burgund igjen samla til eit stort rike som i tillegg til hertugdømet Burgund mellom anna omfatta Lorraine, Luxembourg, Brabant og Holland. Hoffet i Dijon var kjend over hele Europa for sin kultur og kunst. Hertug Karl den dristige (fransk: Charles le Téméraire) prøvde å skapa eit samanhengjande rike, noko som utfordra den franske kongen Ludvig XI. Etter fleire sigrar vart han drepen i eit slag ved Nancy i 1477, og kongen av Frankrike overtok hertugdømet. Karl den dristige si dotter, Maria, gifta seg med ein erkehertug frå Austerrike, seinare Maximilian I. Han fekk lagd inn under seg den burgundiske arven etter at ho døydde. Sonesonen Karl V tok attende hertugdømet i 1526, men måtte gje det opp att tre år seinare. Karl V heldt trass i dette fram med å bruka tittelen Hertugen av Burgund.
I mellomalderen fanst det fleire mektige kloster i regionen, til dømes Cluny, Citeaux og Vézelay.
[endre] Lenkjer ut
![]() |
Franske regionar | ![]() |
Alsace | Aquitaine | Auvergne | Bourgogne | Bretagne | Centre | Champagne-Ardenne | Corse | Franche-Comté | Île-de-France | Languedoc-Roussillon | Limousin | Lorraine | Midi-Pyrénées | Nord-Pas-de-Calais | Basse-Normandie | Haute-Normandie | Pays de la Loire | Picardie | Poitou-Charentes | Provence-Alpes-Côte d'Azur| Rhône-Alpes |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |