Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moses med steintavlene, måla av José de Ribera
Dei ti bodorda, eller dekalogen av gresk dekalogos, er namn på den lova Moses i følge 2. Mosebok, 20. kapittel og 5. Mosebok, 5. kapittel, fekk av Herren på Sinaifjellet.
Bodorda, som Herren iflg. 5. Mos. 5,22 tala med høg røyst og skreiv ned på to steintavler, skulle vere vilkår for pakta mellom Herren og folket hans. Steintavlene låg i paktkista i det høgheilage rommet i eit telt dei kalla tabernakelet.
[endre] Tekstgrunnlag
Dei ti bodorda slik dei er utforma i katolske og evangelisk-lutherske kyrkjer:
1. Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
2. Du skal ikkje misbruke namnet til
Herren din Gud.
3. Du skal halde kviledagen heilag.
4. Du skal heidre far din og mor di.
5. Du skal ikkje slå ihjel.
6. Du skal ikkje bryte ekteskapet.
7. Du skal ikkje stjele.
8. Du skal ikkje vitne falskt mot nesten din.
9. Du skal ikkje begjære din nestes hustru.
10. Du skal ikkje begjære noko som høyrer
din neste til.
|
I 2. Mosebok 20. kapitlet les vi:
1) Gud tala alle desse orda:
2) Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.
3) Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.
4) Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete
av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.
5) Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren din Gud,
er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i
tredje og fjerde ættleden, når dei hatar meg,
6) men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.
7) Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud;
for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.
8) Kom kviledagen i hug, så du held han heilag!
9) Seks dagar skal du arbeida og gjera di gjerning.
10) Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud.
Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di,
korkje tenaren eller tenestkvinna eller feet, eller innflyttaren i byane dine.
11) For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda og havet og alt som i dei er;
men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag.
12) Æra far din og mor di, så skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.
13) Du skal ikkje slå i hel.
14) Du skal ikkje bryta ekteskapet.
15) Du skal ikkje stela.
16) Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din.
17) Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din. Du skal ikkje trå etter
kona åt nesten din, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet
hans eller noko anna som høyrer nesten din til.
|
[endre] Ulike tolkingar
Ingen veit korleis bodorda såg ut på steintavlene, bibelteksten referer orda Moses høyrde på Sinai. I Kyrkja vert formulering og inndeling av bodorda gjort forskjellig. Medan katolske og evangelisk-lutherske kyrkjer bruker inndelinga som er gjeven att ovanfor, følgjer m.a. Den reformerte kyrkja og Adventkyrkja bibelteksten tettare og har eit slikt 2. bod:
Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.
Nummereringa av dei følgjande boda vert då forskyven, og det 9. og 10. bodet ver slege i saman til eitt.
Mange kyrkjesamfunn vil gje att bodorda meir utfyllande. I det fjerde bodordet vil mange ha med lovnaden - så det må gå det godt, og du får leve lengje i landet.
I si litle katekisme har Martin Luther gjeve ei forklåring til bodorda. Denne forklåringa vert brukt i kristendomsundervisninga mange i lutherske kyrkjer.
Bibelteksten er henta frå bibelomsetjinga frå 1978, Det norske bibelselskap