Firenze
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Firenze er ein by i Provinsen Firenze i Italia ved elva Arno. Byen er regionshovudstad i Toscana nord i Italia.
Byen vert rekna som fødestaden til renessansen. Firenze har kring 350 000 innbyggjarar, men med området kring er folketalet på over 500 000. Firenze var ei kort stund, etter samlinga av Italia 1865-1871, hovedstad i Italia. Byen var lenge dominert av den mektige Medici-familien (1434-1494, 1512-1527 og 1530-1737). I mellomalderen var Firenze eit handelssentrum i Europa.
[endre] Viktige personar frå Firenze (florentinarar)
- Dante Alighieri
- Lorenzo de Medici
- Michelangelo
- Leonardo da Vinci
- Girolamo Savonarola
- Niccolo Machiavelli
- Baccio D'Agnolo
[endre] Sjå òg
- Uffizi - vidgjete kunstgalleri
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |