Granateple
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Granateple (Punica granatum) er ei frukt som veks på eit tre som fullvakse er frå 5-8 meter høgt. Kjem opprinneleg frå området rundt det noverande Iran, men er kultivert rundt Middelhavet, India og tørre område i Sør-Aust Asia.
Frukta er i mellom ei grapefrukt og ei appelsin i storleik med eit tjukt raudleg skal, inni er det mange saftfylte frø som er det ein vanlegvis eter.