Id ul-adha
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islam |
Merkedagar |
Hidjra – id ul-fitr – id ul-adha – asjura – arba'ín |
Id ul-adha (arabisk عيد الأضحى) er ei høgtid innan islam der muslimar minnest korleis profeten Ibrahim (Abraham) var villig til å ofra sonen sin til Gud. Denne høgtida er saman med id ul-fitr den viktigaste festen i islam, og blir feira av alle muslimar. Høgtida tek til den tiande dagen av månden dhul hidja, like etter hadj, og varer i fire dagar.
Innhaldsliste |
[endre] Bakgrunn
Forteljinga om korleis Ibrahim var villig til å ofra den einaste sonen sin til Gud står sentralt i dei abrahamittiske religionane. Medan dei var på veg til offerstaden prøvde djevelen å overtala Ibrahim til å bryta påbodet frå Allah, men profeten heldt seg fast. Like før han skulle utføra offeret, stoppa Gud han og ga han ein sau å ofra i staden. Denne soga er skildra i Koranen 37:99–111. Innan muslimsk tradisjon er sonen Ismael, og handlinga skulle skje i Mina nær Mekka.
[endre] Feiring
Den første dagen av id ul-adha er den viktigaste. Alle kler seg i dei beste kleda sine og ber saman i store forsamlingar. Dei som har råd ofrar dyr, som regel sau, og deler kjøtet med naboar, slekt og dei fattige.
[endre] Kva tid fell id ul-adha?
Ettersom det islamske året følger månen, fell feiringa på to ulike datoar i den gregorianske kalenderen ut frå kvar på jorda ein er og ser .
- 2005: 21. januar; 20. januar i Saudi-Arabia
- 2006: 10. eller 11. januar og 31. desember
- 2007: 20. desember
- 2008: 8. desember
- 2009: 28. november
- 2010: 17. november
- 2011: 7. november
[endre] Namn
Dei ulike muslimske samfunna i verda har fleire namn på høgtida. Ho er òg velkjend som id al-kebir, 'den store høgtida'. I Tyrkia blir ho kalla kurban bayramı, offerfesten, eit namn som òg blir brukt i Bosnia. Eit anna namn med den same tydinga, qurbani id, blir brukt i Bangladesh. I Pakistan og India snakkar ein ofte om bakr-id, 'geite-id', fordi ein oftast ofrar geiter her. I Singapore, Malaysia og Indonesia er feiringa kjend som hari raya adiladha, haji (pilgrimsreise) eller korban (offerfest). I Vest-Afrika kjenner ein henne som tabaski.