Janitsjarkorps
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit janitsjarkorps er eit musikk-korps som har både treblåsarar og messingblåsarar i tillegg til perkusjon, i motsetnad til brassband som ikkje har treblåsarar.
Omgrepet janitsjarkorps kjem opphavleg frå tyrkisk militærmusikk. Janitsjar kjem frå tyrkisk yeni çeri som tyder ny her. Janitsjarane var osmanske hærfolk.
[endre] Instument ein kan finne i janitsjarkorps
Messingblåsarar:
Pikkolotrompet, trompet, kornett, flygelhorn, valthorn, trombone, eufonium og tuba.
Treblåsarar:
Pikkolofløyte, tverrfløyte, obo, klarinett, altsaksofon, tenorsaksofon, barytonsaksofon, bassklarinett og fagott.
Perkusjon: Ymse slagverksinstrument som t.d. pauker, xylofon, trommer og cymbalar.
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |