Trombone
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trombone eller trekkbasun er eit messingblåseinstrument som kling mørkare enn ein trompet, og lysare enn ein tuba.
Ordet trombone kjem frå italiensk og tyder 'stor trompet'. Ein trombone er sett saman av eit sylindrisk tonerøyr, ein slide og/eller ventilar og eit klokkestykke. Trombonar er vanlegvis stemt i B♭. I tillegg til vanleg tenortrombone vert det i stryke- og blåseorkester ofte nytta basstrombone.
Utforminga med sylindrisk røyr har trombonen til felles med trompeten. Andre messingblåseinstrument (som kornett, eufonium og tuba) har koniske røyr. Sylindriske røyr gjev ein skarpare klang enn koniske.
Formålet med sliden er å kunna endra lengda på tonerøyret. Når tonerøyret vert lengre vert samstundes klangen (dvs. tonen) mørkare. På instrument med ventilar skjer forlenginga av tonerøyret ved at luftstraumen vert ført inn i ein bøyle når ventilen vert trykt inn. Det er vanleg (spesielt på basstrombonar) at instrumentet har ein ventil og bøyle i tillegg til sliden. Denne ventilen vert kalla kvartventil.
Trombonen er eit vanleg instrument i symfoniorkester og korps, både brassband og janitsjarkorps. Dessutan mykje nytta i storband og andre orkester.
[endre] Kjende trombonistar
- Tommy Dorsey
- Christian Lindberg
- Glenn Miller
- Jens Wendelboe