Johan Sebastian Welhaven
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Sebastian Welhaven (22. desember 1807–21. oktober 1873) var ein norsk diktar, forfattar og filosofiprofessor.
Welhaven vart fødd i Bergen, med ein pastor som far. Som ung studerte han ved Bergen katedralskole, men likte seg dårleg der. Det eineste lyspunktet i fylgje han sjølv var norsklæraren Lyder Sagen, som fekk stor innflyting på det Welhaven etter kvart skulle skapa som diktar.
I 1825 byrja Welhaven å studera ved universitetet i Christiania, og vart etter kvart sterkt engasjert i kulturdebatten, som ivrig deltakar i gruppa Intelligenspartiet.
Welhaven sin hovudfiende må seiast å ha vore Henrik Wergeland, grunna deira ulike syn på den norske kulturarven. Konflikten mellom Wergeland og Welhaven blei vidkjend både i samtida og etterpå. Welhaven meinte at Noreg var åndsfattig, og såg på nasjonalkjensla som brautande og primitiv. Han ynskte difor å knyta samband til den gamle, europeiske kulturarven, og nytta difor tema knytt til gamle myter frå antikken i dikta sine.
Welhaven var ei tida forelska i Wergeland si syster Camilla (seinare gift Collett), men det utvikla seg aldri lenger enn til forelsking. Welhaven vart etter kvart tilsett som lektor i filosofi, og seinare professor, ved Universitetet i Oslo. Welhaven er i dag ikkje like kjend som Wergeland, men han hadde mange tilhengjarar på si eiga tid.
[endre] Utgjevingar
- Henrik Wergelands Digtekunst og Polemik ved Aktstykker oplyste (litteraturkritikk) 1832
- Norges Dæmring. Et polemisk Digt (lyrikk) 1834
- Digte (lyrikk) 1838
- Nyere Digte (lyrikk) 1844
- Halvhundrede Digte (lyrikk) 1847
- Reisebilleder og Digte (lyrikk) 1851
- En Sjel i Vildmarken (forteljing) 1856
- En Digtsamling (lyrikk) 1959
- Ewald og de norske Digtere (litteraturhistorie) 1863
- Metaphysik i 100 paragrafer (filosofi ved A. Aarnes og E.A. Wyller) 1965
[endre] Bakgrunsstoff
- Bakgrunnen til Welhaven på dagbladet.no - skildra av professor Asbjørn Aarnes.