Kåre Kristiansen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåre Gulbrand Kristiansen (fødd 11. mars 1920 i Bergen, død 3. desember 2005) var ein norsk politikar (Kristeleg folkeparti, KrF). Han var ein markant politikar i nærare 40 år. Han la vekt på kristendom, samarbeid og framhjelp av staten Israel, abortmotstand og norsk medlemskap i EU.
Han sto mellom anna sentralt i gjennomføringa av folketrygda i 1967, då han var statssekretær i Sosialdepartementet for Egil Aarvik
Han vart av mange oppfatta som ein representant for høgresida i partiet. I 1989 trakk han seg som stortingsrepresentant. Grunngjevinga var at KrF hadde fjerna seg fra sin gamle kurs.
Kristiansen var motstandar av fjerninga av israelske busetjarar frå Gazastripa.
Innhaldsliste |
[endre] Yrkeskarriere
Kristiansen starta si yrkeskarriere som telegrafist i Norges Statsbaner i 1941. Han avanserte til å verta jernbanedirektør 1968-1970, driftsdirektør 1970-1989 og spesialrådgjevar 1989-1990.
[endre] Politisk karriere
- Statsråd med ansvar for Olje- og energidepartementet i Regjeringa Willoch 1983—1986
- Formann i Kristeleg Folkeparti 1975-1977 og 1979-1983. Etter ein intern partistrid om mellom anna samarbeidet med Høgre, vart han i 1983 pressa til å trekkja seg frå vervet som partileiar. Han byta verv med Kjell Magne Bondevik.
[endre] Andre sentrale verv
- Medlem av Nobelkomiteen 1990—1994. Kristiansen gjekk ut av komiteen i protest mot at Yasir Arafat vart tildelt Nobels Fredspris.
[endre] Litteratur
- Kåre Kristiansen: Når sant skal sies: På politikkens hovedspor og sidelinjer gjennom 50 år, Oslo 1989. ISBN 82-516-1282-9, ISBN 82-520-3126-9
- Kåre Kristiansen: Stå på, Kåre K.!, Oslo 1990 ISBN 82-516-1351-5