Keltiske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei keltiske språka utgjer ei av språkgreinene innafor den indoeuropeiske språkfamilien, og nærast i slekt med dei italiske språka. Desse to dannar den kelto-italiske gruppa.
Innhaldsliste |
[endre] Keltisk er delt inn i to greiner:
- Grein 1: Den kontinentale
- keltiberisk (utdøydd),
- galatisk (utdøydd),
- norisk (utdøydd),
- lepontisk (utdøydd)
- og kanskje Vannes-dialekten av bretonsk, som er den einaste nolevande delen av gallisk.
- Grein 2: Øy-språka, som delast i to grupper
- Q-keltisk (goidelisk) med
- irsk,
- skotsk gælisk
- mansk gælisk (utdøydd og gjenoppliva)
- P-keltisk (brythonisk) med
- walisisk,
- bretonsk,
- kornisk (utdøydd og gjenoppliva),
- cumbrisk (utdøydd)
- ? piktisk (utdøydd) (? - kan være eit ikkje-indoeuropeisk språk).
- Q-keltisk (goidelisk) med
Skilnadane mellom p- og q-språka er lettast å sjå i orda for "son" og "fem" (5). På goidelisk heiter son mac (tidlegare maq), og 5 heiter coíg. På brythonisk heiter son map, mens 5 heiter pemp. q-forma vert rekna som den mest konservative (den stemmer med italiske språk som latin), medan p-forma har gått gjennom ei meir omfattande utvikling.
[endre] Språkhistorie
[endre] Ytre språkhistorie
Dei keltiske språka har i periodar vore langt meir utbreidde enn dei er no. Keltarane sin kultur var i ei overgangstid i ferd med å knusa kulturen knytt til Romarriket. Etter at romarane hadde teke dei keltiske landområda med unntak av Irland (Éire), vart mange keltiske språk oppgjevne. Då romarane trakk seg ut av Britannia i år 407 e. Kr. vart britane i det meste av England invadert av germansk- talande jydar, anglarar og saksarar. Dei keltisktalande britane flytta mot Kerneweg (Cornwall) og Cymru (Wales), der dei lenge stod mot trykket. Samstundes reiste mange av dei til Breizh (Bretagne). Der opretta dei små hovding- og fyrstedøme. Ein trur at det vart tala gallisk sør i Bretagne. Mange særtdrag i Vannes-talemålet tyder på, at bretonsk har vorte påverka av eit gallisk substrat. Orsaken til emigrasjonen frå Wales og Cornwall mot Bretagne kan òg vera at det skjedde ei folkeflytting frå sør-irland over Irskesjøen mot Wales i det fjerde, femte og sjette århundre.
Irane hadde fredstid i fleire hundre år og udvikla ein særleg irsk form for kristendom. Dei krista germanarane i England og opretta kloster i området ved Rhinen. Seinare kom irane under press frå vikingane, særleg frå Noreg). Trass i dette, og seinare presset frå den normanniske invasjonen sto gælisk sterkt i Irland. Det gæliske Irland og Skotland var heile tida eit språkleg kontinuum med eit sams språk med dialektskilnader. Frå det niande til det tolvte århundre kallar me dette språket mellom-irsk, deretter blir det kalla tidleg moderne irsk. Først på 1600-talet byrjer dialektskilnadene å kome fram i litteraturen og mot slutten av 1700-talet står mansk og skotsk gælisk fram som eigne språk.
Etter at engelskmennene hadde erobra Irland byrja ei lang attendegong for irsk gælisk. Hendingar som svelt- katastrofa og den massive utvandringa i 1840-åra skunda på attendegongen. Då republikken Irland vann fridom, vart det gjort stor innsats for å redda det opphavlege, nasjonale språket. Først på slutten av 1900-talet, fekk språket nokon særleg framgang. Den same utviklinga kan ein sjå i Wales, der kymrisk vert tala av fleire enn i førre generasjon. Båe stader ser dei moderne media ut til å ha vore avgjerande for framgangen. Dei keltiske språka har fått stønad gjennom EU sitt charter om mindretalsspråk.
[endre] Indre språkhistorie
Dei keltiske språka er ei av greinene i den indoeuropeiske språkfamilien, som sannsynlegvis skilde seg ut som eiga språkgrein rundt det åttande hundreåret før vår tidsrekning. Alle moderne keltiske språk kan rekonstruerast attende til urspråk som deler desse kjenneteikna:
- Bortfall av indoeuropeisk */p/: gammalirsk athir („far“) frå ie. *pH2tēr (også overgang til /x/ foran lukkelydar: gammalirsk secht („sju“) frå indoeuropeisk *septm; i p-keltisk vart det seinare danna ein "ny" /p/ frå /kw/ , i q-keltisk irsk finn vi /p/ berre i lånord og ord med bestemte lydkombinasjonar (z. B. /b/ + /h/ > /p/)
- Omleggjing av vokalsystemet (lange „midtvokalar“ /ē/ og /ō/ vart til /ī/ resp. /ā/ eller /ū/ (avh. av posisjonen i ordet): hgallisk rīx („konge, fyrste“) av indoeur. *rēks; /ē/ og /ō/ vart nydanna av gamle diftongar.
- Overgangen frå inoeur. /gw/ til /b/: gammalirsk bó („ku“) frå ieur. *gwous-
- overgangen frå indoeur. 'stavingsberande lydar /l/ og /r/, i visse kontekstar til /al/, /li/ eller /lā/ evt.. /ar/, /ri/ eller /rā/.
Dei kjenneteikna som er så typiske for dei moderne keltiske språkam framlydsmutasjonen i dei øykeltiske språka, og den fonematiske palataliseringa i dei goideliske språka representerer alle ei seinare utvikling. I dei belagte fastlandskeltiske språka er det ikkje mogleg å finne spor etter verken mutasjon eller palatalisering.
[endre] Karakteristiske forhold i dei keltiske språka
Sjølv om det er mange skilnadar mellom dei enkelte, keltiske språka, viser dei mange fellestrekk. Mange av desse trekka er ikkje eineståande for dei keltiske språka, men omvendt er det sannsynlegvis ingen andre språk som har alle desse trekka samla. Dei omfattar:
- Systematiske og betydningsberande mutasjonar i den innleiande konsonanten (monadh (= ein mose) -> auns a’mhonadh (= i mosen)
- Bøying av preposisjonar (leam = med meg; leat = med deg; leis = med han/henne)
- Verb-Subjekt-Objekt (VSO-språk) er standardrekkjefylgja i den keltiske setningsbygninga (chuir e an leabhar = lagde han bogen, dvs.: han lagde bogen)
- To grammatiske kjønn: maskulinum og femininum
- Bestemt determinativ, men ikkje ubestemt (cú - an cú; hund - hunden, ein hund finst ikkje)
- Genitiv vert konstruert ved å setje orda saman (eks.: cinn nan cat = kattane sine hovud)
- Tjuetalssystem (fichead = 20; dà fichead = 40; trì fichead = 60 osv.)
[endre] Døme
Frå skotsk gælisk:
- Ná bac le mac an bhacaigh is ní bhacfaigh mac an bhacaigh leat.
(Ordrett:) «Ikkje merksam med son tiggaren sin, og heller ikkje vil vere merksam son tiggaren sin med deg.» (dvs.: Dersom du ikkje er merksam på tiggaren sin son, vil han ikkje han heller vere merksam på deg)
bhacaigh er genitiv av bacach. I-en er eit innskote genitivsmerke. Endringa b -> bh er ein språkmutasjon, som vert synleg ved maskulinum i genitiv. Leat er bøyingsforma i 2. person av le (= med). Rekkjefylgja VSO kan ein sjå i andre halvdel: bhacfaigh (V) + mac (S) + leat (O).
Frå kymrisk (walisisk):
- Pedwar ar bymtheg ar bedwar hugain
(Ordrett:) «Fire på femten på fire tjue», dvs. 99
bymtheg er ein språkmutasjon av pymtheg (= pump + deg (fem + ti) dvs. 15). bedwar er ein mutasjon av pedwar (= 4)
[endre] Ortografi
Irsk-gælisk er truleg det einaste keltiske språket der mutasjonar i den første konsonanten kan sjåast i skrift, i og med at han vanlegvis blir følgd av ein 'h' (bh, ch, dh, fh, gh...). I språk som bretonsk og walisisk brukar ein bokstaven som svarar til lyden. Dette kan gje problem med å finna att ord i ordbøker viss ein ikkje er klar over lydendringa.
Døme frå bretonsk: Penn (hovud) => ma fenn (hovudet mitt), Ti (hus) => he zi (huset hennar)
[endre] Tal
På bretonsk har tre tal hokjønnsform: 2 (daou/div), 3 (tri/teir) og 4 (pevar/pedir). For talet 18 seier ein 3 x 6, 'triwec'h', medan walisarane seier 2 x 9, 'dinau'.
[endre] Språkslektskap
Mange ord vitnar om slektskap mellom gælisk og brythonisk: 'Vêr' er amzer på bretonsk, amsir på kymrisk og amsair på irsk gælisk. 'Hus' er 'ti', 'ty' og 'teach' på dei same språka.
[endre] Sjå også
- Ogham
- Keltarar
- Bretonsk språk
- Gallisk språk
- Irsk språk
- Kornisk språk
- Mansk gælisk språk
- Skotsk gælisk språk
- Walisisk språk
[endre] Kjelder
- Ó Murchú, Máirtin: The Irish Language. Dublin 1985.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Jan Erik Rekdal: Når språkene dør. forskning.no, august 2002
- celticgrounds.com
- celt.net: Offsite Resources
- September 09 2004, iol: Irish, Scots and Welsh not Celts - scientists Citat: "...Dark or red hair and freckles are considered Celtic features..."
- Grave slabs and Pictish Symbols of Scotland (billeder av nogle keltisk indgraverede sten)
Keltiske språk |
Q-keltisk: irsk | skotsk gælisk | mansk |
P-keltisk: walisisk | bretonsk | kornisk | cumbrisk | piktisk |
Kontinental keltisk: keltiberisk | galatisk | norisk | lepontisk |
Indoeuropeiske språk |
albansk | anatolisk | indoiransk | gresk | italisk | keltisk | germansk | armensk | tokarisk | slavisk | baltisk |