Keltarar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nemninga keltarar viser til ei rekkje nærskylde gamle folkegrupper i Europa som deler ei grein av dei indo-europeiske språka og såleis syner sams opphav. Keltarane fanst i eldre tider over store delar av Europa, men idag berre i dei vestlegaste utkantane av kontinentet.
Idag blir ordet keltisk ofte bruka for å beskrive folk og respektive kulturar og språk til fleire etniske grupper i Irland og Storbritannia, den franske regionen Bretagne og den spanske regionen Galicia (det same ordet som namnet Gallia for det keltiske Frankrike, og "gælisk" for greiner av keltiske språk). Til «Dei sju keltiske nasjonane» som finst idag er vanlegvis rekna Irland, Wales, Skottland, Cornwall, Isle of Man, Bretagne og Galicia.
Når det gjeld keltarane i Storbritannia er det usemje mellom forskarane om keltarane i hovudsak vart anten drepne eller fordrivne da angelsaksarane kom til England, eller om det berre var språket og kulturen deira som vart borte frå det angelsaksiske området. Det skal visstnok liggje føre DNA-undersøkingar som byggjer opp under ideen om at England utvikla seg gjennom at ein ny angelsaksisk kultur vart påtvinga det keltiske folket av ein ny sosial elite.
Desse undersøkingane skal visstnok vise meir gammalbritisk, altså keltisk, innverknad i England enn i Skottland, som har meir skandinavisk innverknad (det må da vere frå norrøn busetjing i "vikingtida").
Men det gjev vel meir meining å omtale som keltiske dei folkegruppene og områda der det finst folk som framleis talar keltiske språk, som har andre drag frå keltisk kultur og tradisjonar, og som har ein keltisk historisk identitet. Dette er «Dei sju keltiske nasjonane» nemnde ovanfor.