Knut Arild Hareide
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Arild Hareide (fødd 23. november 1972 på Bømlo) er ein norsk KrF-politikar. Han var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet frå 2004 til hausten 2005.
Hareide er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har sosiologi grunnfag frå Universitetet i Bergen. Han har vore politisk rådgjevar i kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet i Regjeringa Bondevik I, statssekretær i Finansdepartementet i den andre Bondevikregjeringa; og er 2. nestleiar i KrF frå 2003.
I det sivile livet har Hareide vore tilsett i Schibsted-konsernet sidan 1997.
Då Hareide tiltredde stillinga som miljøvernminister 18. juni 2004, berre 31 år gammal, vart han den yngste ministeren frå KrF nokonsinne. Regjeringa gikk av etter valet 12. september 2005.