Knut Tørum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Kjartan Tørum (f. 16. august 1971) er hovudtrenar for Rosenborg. I samband med Per-Mathias Høgmo si sjukemelding tok Knut Tørum over hovudtrenaransvaret i Rosenborg ut 2006-sesongen. På slutten av sesongen gjorde Høgmo det offentleg at han trekk seg frå stillinga si, og Knut Tørum held difor mykje truleg fram som hovudtrenar i RBK.
Tørum er fødd i Bergen. Han var tidlegare trenar i Moss FK, der han hadde ein positiv sesong i 1. divisjon fotball for herrar 2005 då laget litt overraskande enda opp på 3. plass, og kvalifiseringsmogelegheit til Tippeligaen. Dei tapte kampane mot Molde FK 2-5 samanlagt. Tørum har tidlegare vore assistenttrenar i Stabæk Fotball og Noreg gutar 19-landslaget.
Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over idrettsspirer. |