Tippeligaen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tippeligaen er namnet på den øvste divisjonen i fotball for herrar. Ofte nyttar ein namnet eliteserien om Tippeligaen. Tippeligaen fekk namnet sitt i 1991, som del av ein sponsoravtale med Norsk Tipping.
I Tippeligaen er det 14 lag som speler to kampar mot einannan (heime og borte) i sesongen, som varer frå april til oktober.
Laga vert rangert etter:
- mengde poeng (3 for seier, 1 for uavgjort, 0 for tap)
- målskilnaden (talet på skåra mål minus talet på mål sluppe inn)
- talet på skåra mål
- resultata i oppgjer mellom laga
Dei to laga som er på 13. og 14. plass ved sesongslutt rykker ned, medan laget som kjem tredje sist må spela to kvalifiseringskampar mot laget som kom på tredje plass i Adeccoligaen (divisjonen under Tippeligaen).
Rosenborg frå Trondheim har vorte seriemeister tretten gonger på rad, frå 1991 til 2004. Seiersrekka blei brote av Vålerenga i 2005. Vålerenga blei då klår for kvalifiseringsspel til Meisterligaen. Dei fire best plasserte laga er kvalifiserte for Royal League. Dei siste åra har publikumsoppslutnaden om Tippeligaen vore aukande, trass i at Rosenborg-dominansen har gjort at mange meiner den norske serien manglar spaning.
Tippeligaen 2005 tok til 10. april og endte 29. oktober.
Innhaldsliste |
[endre] Historiske namn
Serien har tidligare vore kjent under namna Norgesserien (1937–1948), Hovedserien (1948–1962) og Første divisjon (1963–1990). Namnet «toppserien» har òg blitt bruka, men det har aldri vore noko offisielt namn. Ordet «toppserien» brukast òg i nokon grad i dag, men dette namnet nyttast meist av Toppserien for kvinner. Sesongen 1961/62 blei kjent som «maratonserien». Det offisielle namnet var like vel Hovedserien.
[endre] Medaljeoversyn
Lenger ned er ei liste over gull-, sølv- og bronsemedaljevinnarar i eliteserien for menn. Mellom 1937 og 1961 er berre gull- og sølvvinnarane førde opp.
Den fyrste nokonlunde landsomfattande serien (Norgesserien) blei starta i 1937. Landsomfattande er eit sterkt ord for eit system som ikkje dekka dei tre nordlegaste fylka og heller ikkje Sogn og Fjordane. Den gongen var laga plasserte i to regionale avdelingar med åtte lag i kvar avdeling. Vinnarane i dei ti avdelingane møttest i ein finale for å avgjera seriemeisterskapen. I denne perioden blei serien spela frå haust til vår, med ei lang vinterpause. I 1961 gjekk Noregs fotballforbund over til ein toppdivisjon med 10 lag, med ein sesong gjennom kalenderåret. Sesongen 1961/61 («Maratonserien») blei derfor ein overgangssesong, kor dei 16 laga spela i ein divisjon gjennom halvanna år for å komme med i 10-klubbsserien. I 1963 blei seriesystemet lagt om til ei avdeling med ti lag i toppdivisjonen.
Lag frå nord-Noreg hadde ikkje høve til å kvalifisera seg til den øvste divisjonen før i 1972. Store avstandar blei bruka som argument mot å inkludera nordnorske lag, sjølv om til dømes Bodø allereie i 1952 hadde fått ein sivil flyplass med daglege SAS-avgangar. Det delte seriesystemet skapte stor harme i dei store nordnorske fotballbyene Narvik og Bodø. De tre nordlegaste fotballkrinsane skipa frå 1929 eit eige nord-Norgemeisterskap i fotball. Den nord-norske mesterskapen hadde ikkje offisiel status hos Noregs Fotballforbund og vinnaren fekk aldri spela nokre offisielle kampar mot dei beste laga i sør-Noreg.
I Fotballforbundet si jubileumsbok «Fotball! Norges Fotballforbund 100 år» blir seriesystemet omtala slik: «Landsdelen hadde fått et svært så godt fotballag der hardtarbeidende lokale spillere var blandet med hjemvendte sønner med heltestatus som måtte overkomme ikke bare motstandere på banen, men også et dypt urimelig seriesystem. Uretferdigheten i dette beviste Glimt gjennom sine cup-prestasjoner».
Foran 1991-sesongen blei namnet på den øvste divisjonen endra frå Førstedivisjon til Tippeligaen.
Noregsserien
- 1937/38: Fredrikstad, Lyn
- 1938/39: Fredrikstad, Skeid
- 1939/40: avbrote på grunn av andre verdskrig.
- 1940–47: ingen serie blei spela.
- 1947/48: Freidig, Sparta
Hovudserien
- 1948/49: Fredrikstad, Vålerenga
- 1949/50: Fram Larvik, Fredrikstad
- 1950/51: Fredrikstad, Odd
- 1951/52: Fredrikstad, Brann
- 1952/53: Larvik Turn, Skeid
- 1953/54: Fredrikstad, Skeid
- 1954/55: Larvik Turn, Fredrikstad
- 1955/56: Larvik Turn, Fredrikstad
- 1956/57: Fredrikstad, Odd
- 1957/58: Viking, Skeid
- 1958/59: Lillestrøm, Fredrikstad
- 1959/60: Fredrikstad, Lillestrøm
- 1960/61: Fredrikstad, Eik
- 1961/62: Brann, Steinkjer, Fredrikstad
1. divisjon
- 1963: Brann, Lyn, Skeid
- 1964: Lyn, Fredrikstad, Sarpsborg
- 1965: Vålerenga, Lyn, Sarpsborg
- 1966: Skeid, Fredrikstad, Lyn
- 1967: Rosenborg, Skeid, Lyn
- 1968: Lyn, Rosenborg, Viking
- 1969: Rosenborg, Fredrikstad, Strømsgodset
- 1970: Strømsgodset, Rosenborg, Ham-Kam
- 1971: Rosenborg, Lyn, Viking
- 1972: Viking, Fredrikstad, Strømsgodset
- 1973: Viking, Rosenborg, Start
- 1974: Viking, Molde, Vålerenga
- 1975: Viking, Brann, Start
- 1976: Lillestrøm, Mjøndalen, Brann
- 1977: Lillestrøm, Bodø/Glimt, Molde
- 1978: Start, Lillestrøm, Viking
- 1979: Viking, Moss, Start
- 1980: Start, Bryne, Lillestrøm
- 1981: Vålerenga, Viking, Rosenborg
- 1982: Viking, Bryne, Lillestrøm
- 1983: Vålerenga, Lillestrøm, Start
- 1984: Vålerenga, Viking, Start
- 1985: Rosenborg, Lillestrøm, Vålerenga
- 1986: Lillestrøm, Mjøndalen, Kongsvinger
- 1987: Moss, Molde, Kongsvinger
- 1988: Rosenborg, Lillestrøm, Molde
- 1989: Lillestrøm, Rosenborg, Tromsø
- 1990: Rosenborg, Tromsø, Molde
Tippeligaen
- 1991: Viking, Rosenborg, Start
- 1992: Rosenborg, Kongsvinger, Start
- 1993: Rosenborg, Bodø/Glimt, Lillestrøm
- 1994: Rosenborg, Lillestrøm, Viking
- 1995: Rosenborg, Molde, Bodø/Glimt
- 1996: Rosenborg, Lillestrøm, Viking
- 1997: Rosenborg, Brann, Strømsgodset
- 1998: Rosenborg, Molde, Stabæk
- 1999: Rosenborg, Molde, Brann
- 2000: Rosenborg, Brann, Viking
- 2001: Rosenborg, Lillestrøm, Viking
- 2002: Rosenborg, Molde, Lyn
- 2003: Rosenborg, Bodø/Glimt, Stabæk
- 2004: Rosenborg, Vålerenga, Brann
- 2005: Vålerenga, Start, Lyn
- 2006: Rosenborg, Brann, Vålerenga
[endre] Gullfordelinga
[endre] 1972–2006 (allnorsk seriesystem)
- Rosenborg (1985,1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004, 2006)
- Viking (1972, 1973, 1974, 1975, 1979, 1982, 1991)
- Lillestrøm (1976, 1977, 1986, 1989)
- Vålerenga (1981, 1983, 1984, 2005)
- Start (1978, 1980)
- Moss (1987)
[endre] 1963–2006
- Rosenborg (1967, 1969, 1971, 1985, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004, 2006)
- Viking (1972, 1973, 1974, 1975, 1979, 1982, 1991)
- Vålerenga (1965, 1981, 1983, 1984, 2005)
- Lillestrøm (1976, 1977, 1986, 1989)
- Start (1978, 1980)
- Lyn (1964, 1968)
- Moss (1987)
- Strømsgodset (1970)
- Skeid (1966)
- Brann (1963)
[endre] Toppskårarar 1949–2006
- 1949: Arvid Havnås, Sandefjord (12)
- 1950: Reidar Dørum, Ørn-Horten (13)
- 1951: Jon Sveinsson, Lyn (19)
- 1952: Jon Tangen, Strømmen IF (15)
- 1953: Gunnar Thoresen, Larvik Turn og Per Jacobsen, Odd Grenland (15)
- 1954: Gunnar Thoresen, Larvik Turn (15)
- 1955: Harald Hennum, Skeid (13)
- 1956: Willy Fossli, Asker Fotball (17)
- 1957: Per Kristoffersen, Fredrikstad fotballklubb (15)
- 1958: Harald Hennum, Skeid (17)
- 1959: Reidar Sundby, Larvik Turn (13)
- 1960: Per Kristoffersen, Fredrikstad fotballklubb (13)
- 1961: Per Kristoffersen, Fredrikstad fotballklubb (15)
- 1962: Rolf Birger Pedersen, Brann (26)
- 1963: Leif Eriksen, Vålerenga Fotball (16)
- 1964: Ole Stavrum, Lyn (18)
- 1965: Harald Berg, Lyn (19)
- 1966: Per Kristoffersen, Fredrikstad fotballklubb (20)
- 1967: Odd Iversen, Rosenborg (17)
- 1968: Odd Iversen, Rosenborg (30 - rekord)
- 1969: Odd Iversen, Rosenborg (26)
- 1970: Steinar Pettersen, Strømsgodset (16)
- 1971: Jan Fuglset, Fredrikstad fotballklubb (17)
- 1972: Egil Solberg, Mjøndalen IF og Johannes Vold, Viking FK (16)
- 1973: Stein Karlsen, Hamarkameratene (17)
- 1974: Odd Berg, Molde FK (13)
- 1975: Arne Dokken, Strømsgodset (18)
- 1976: Jan Fuglset, Molde FK (17)
- 1977: Trygve Johannessen, Viking FK (17)
- 1978: Tom Lund, Lillestrøm Sportsklubb (17)
- 1979: Odd Iversen, Vålerenga Fotball (16)
- 1980: Arne Dokken, Lillestrøm Sportsklubb (14)
- 1981: Pål Jacobsen, Vålerenga Fotball (16)
- 1982: Tor Arne Granerud, Hamarkameratene og Trygve Johannessen, Viking FK (11 - laveste)
- 1983: Olav Nysæther, Kongsvinger IL (14)
- 1984: Sverre Brandhaug, Rosenborg (13)
- 1985: Jørn Andersen, Vålerenga Fotball (23)
- 1986: Arve Seland, IK Start (12)
- 1987: Jan Kristian Fjærestad, Moss FK (18)
- 1988: Jan Åge Fjørtoft, Lillestrøm Sportsklubb (14)
- 1989: Jahn Ivar Jakobsen, Rosenborg (18)
- 1990: Tore Andrè Dahlum, IK Start (20)
- 1991: Karl-Petter Løken, Rosenborg (12)
- 1992: Kjell Roar Kaasa, Kongsvinger IL (17)
- 1993: Mons Ivar Mjelde, Lillestrøm Sportsklubb (19)
- 1994: Harald Martin Brattbakk, Rosenborg (17)
- 1995: Harald Martin Brattbakk, Rosenborg (26)
- 1996: Harald Martin Brattbakk, Rosenborg (28)
- 1997: Sigurd Rushfeldt, Rosenborg (24)
- 1998: Sigurd Rushfeldt, Rosenborg (27)
- 1999: Rune Lange, Tromsø IL (23)
- 2000: Thorstein Helstad, Brann (18)
- 2001: Thorstein Helstad, Brann, Frode Johnsen, Rosenborg og Clayton Zane, Lillestrøm Sportsklubb (17)
- 2002: Harald Martin Brattbakk, Rosenborg (17)
- 2003: Frode Johnsen, Rosenborg (16)
- 2004: Frode Johnsen, Rosenborg (19)
- 2005: Ole Martin Årst, Tromsø IL (16)
- 2006: Daniel Nannskog, Stabæk (19)
[endre] Kjelder
[endre] Sjå òg
- Noregs Fotballforbund
- NM i fotball for herrar
[endre] Eksterne lenkjer
Fotball | Tippeligaen | 2007-sesongen |
Brann | Fredrikstad | Lillestrøm | Lyn | Odd Grenland | Rosenborg | Sandefjord | Stabæk | Start | Strømsgodset | Tromsø | Viking | Vålerenga | Aalesund | |
Fotball i Noreg | ||
---|---|---|
Seriar |
Cup og landslag |
|
Tippeligaen | Herrelandslaget | Tippeligaen |
Toppserien | Damelandslaget | Toppserien |
1. divisjon for menn | NM for menn | NM for menn |
1. divisjon for damer | NM for damer | NM for damer |
1. divisjon for menn | ||
1. divisjon for damer |