Rosenborg B.K.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosenborg | |||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Fullt namn | Rosenborg Ballklub | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kallenamn | Troillongan | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Grunnlagt | 1917 | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Heimebane | Lerkendal stadion | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Kapasitet | 21 166 sete | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Styreleiar | Terje Svendsen | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Trenar | Knut Tørum | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Liga | Tippeligaen | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Sportsleg leiar | Rune Bratseth | ||||||||||||||||||||||||||||||||
Budsjett 2005 | 123 514 000 kr | ||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Rosenborg Ballklub (RBK) er ein fotballklubb frå Trondheim. Klubben vart stifta i 1917 under navnet Odd, men skifta namn til Rosenborg Ballklub i 1927. Dei har imponert både ved at dei vann Tippeligaen 13 sesongar på rad (1992–2004) (i Europa berre slått av Skonto Riga, Latvia), og ved å kvalifisere seg til Meisterligaen kvart år sidan starten, med unnatak av hausten 2003 og 2006. I 2005 kom Rosenborg berre på 7. plass i eliteserien, men vann att i 2006.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Klubben har hatt to «gullaldrar». I 1960-åra spelte klubben seg opp frå å vera eit ukjent lag, til å vinne cupen to gonger (i 1960 og i 1964), og dessutan serien to gonger (i 1967 og i 1969). Av dei mest kjende spelarane frå denne tida, er Odd Iversen og Harald Sunde.
RBK tok sølv i serien i 1970 og tok «The Double» i 1971. Sunde og Iversen vart selt som par til Racing Mechelen i 1970. Sunde kom tilbake til Rosenborg i 1972, Iversen i 1973.
Neste gullalder starta med seriegull i 1985, og etter at Nils Arne Eggen gjorde comeback som trenar i Rosenborg i 1988, har klubben dominert norsk fotball.
Trond Sollied trente klubben eit mellomår for Eggen i 1998. Da Eggen gav seg i 2003, tok Åge Hareide over som trenar, men han slutta for å bli trenar for herrelandslaget etter berre eitt år. Tidlegare assistenttrenar Ola By Rise tok over trenarjobben året etter, men fekk sparken etter den eine sesongen, sjølv om laget vann Tippeligaen – rett nok med eit naudskrik – og kvalifiserte seg for Meisterligaen igjen. Assistenttrenar for Ola By Rise, Per Joar Hansen, tok da over som hovedtrenar, og fekk med seg Nils Arne Eggen, Bjørn Hansen og Rune Skarsfjord som i støtteapparatet på trenarsida.
Ut over i sesongen 2005, synte det seg at resultata vart dårlegare enn forventa. Den 7. august gjekk Per Joar Hansen av som trenar. Den 8. august vart det klart av Per Mathias Høgmo vart ny hovudtrenar. Etter ein dårleg start under Høgmo si leiing, gjekk det betre mot slutten av 2005-sesongen. Rosenborg blei til slutt nr. 7 i eliteserien. Høgmo leia også Rosenborg til gruppespelet i meisterligaen. Hausten 2006 vart Høgmo sjukmeldt, og klubben vart leidd fram til seriemeisterskap av Knut Tørum. Høgmo trekte seg 31. oktober 2006, og Tørum tok da over som trenar.
[endre] Meisterligaen
RBK har delteke i Meisterligaen (engelsk: Champions League) kvart år sidan 1995, med unnatak av hausten 2003, da dei rauk ut i kvalifiseringa og måtte spela UEFA-cup i staden, og 2006, da dei pga. 7. plass i Noreg året før ikkje spelte kvalifisering. Som ein av dei største prestasjonane til RBK, hugsar mange 2–1-sigeren borte mot AC Milan i desember 1996. Han førte til at AC Milan vart slått ut etter gruppespelet, og RBK gjekk vidare til kvartfinalen. Der vart imidlertid RBK slått ut av Juventus, etter å ha spelt 1–1 heime og tapt 2–0 i Torino.
[endre] Spelarar (2006-sesongen)
[endre] Målvaktar
- 01 Espen Johnsen (utlånt til Strømsgodset)
- 13 Lars Hirschfeld
- 28 Alexander Lund Hansen
[endre] Forsvar
- 00 Steffen Mathisen
- 02 Miika Koppinen
- 04 Fredrik Stoor
- 05 Christer Basma
- 10 Vidar Riseth
- 18 Alejandro Lago
- 21 Ståle Stensaas
- 22 Andreas Nordvik
- 26 Bjørn Tore Kvarme
- 33 Mikael Dorsin
[endre] Midtbane
- 06 Roar Strand
- 08 Didier Konan
- 11 Jan Gunnar Solli
- 15 Per Ciljan Skjelbred
- 19 Alexander Tettey
- 20 Abdoulrazak Traore
- 27 Marek Sapara
[endre] Angrep
- 14 Steffen Iversen
- 17 Øyvind Storflor
- 25 Daniel Braaten
- 24 Yssouf Kone
- 23 Michael Kleppe Jamtfall
[endre] Stadion
Lerkendal stadion vart innvidd 10. august 1947 og fekk installert flomlys i 1968. «Nye Lerkendal» stod ferdig i oktober 2002 og har ein kapasitet på 21 166 tilskodarar.
Publikumsrekorden er 28 619, frå 15. oktober 1985, i ein seriekamp mot Lillestrøm.
[endre] Triumfar
[endre] Seriemeisterskap
1967, 1969, 1985, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004 og 2006.
[endre] Cupmeisterskap
1960, 1964, 1971, 1988, 1990, 1992, 1995, 1999 og 2003.
[endre] Toppscorarar
År | Namn | Mål |
---|---|---|
1967 | Odd Iversen | 17 |
1968 | Odd Iversen | 30 |
1969 | Odd Iversen | 26 |
1970 | Erling Meirik | 5 |
1971 | Bjørn Wirkola og Arne Hansen | 6 |
1972 | Arne Hansen | 9 |
1973 | Odd Iversen | 9 |
1974 | Odd Iversen | 11 |
1975 | Odd Iversen | 9 |
1976 | Magnar Florholmen | 11 |
1977 | Steinar Nilsen og Kjell Øyasæther | 3 |
1979 | Viggo Sundmoen og Jørgen Sørli | 7 |
1980 | Viggo Sundmoen | 11 |
1981 | Odd Iversen | 9 |
1982 | Sverre Brandhaug | 9 |
1983 | Håvard Moen | 8 |
1984 | Sverre Brandhaug | 13 |
1985 | Gøran Sørloth | 12 |
1986 | Sverre Brandhaug | 7 |
1987 | Andre Nieuwlaat | 9 |
1988 | Sverre Brandhaug | 10 |
1989 | Mini Jakobsen | 18 |
1990 | Mini Jakobsen | 17 |
1991 | Karl-Petter Løken | 12 |
1992 | Tore André Dahlum | 13 |
1993 | Gøran Sørloth | 7 |
1994 | Harald Martin Brattbakk | 17 |
1995 | Harald Martin Brattbakk | 26 |
1996 | Harald Martin Brattbakk | 28 |
1997 | Sigurd Rushfeldt | 25 |
1998 | Sigurd Rushfeldt | 27 |
1999 | Sigurd Rushfeldt | 15 |
2000 | Frode Johnsen | 9 |
2001 | Frode Johnsen | 17 |
2002 | Harald Martin Brattbakk | 17 |
2003 | Harald Martin Brattbakk | 17 |
2004 | Frode Johnsen | 19 |
2005 | Thorstein Helstad | 13 |
[endre] Profilar
- Kåre Rønnes
- Sverre Fornes
- Eldar Hansen
- Tor Røste Fossen
- Svein Grøndalen
- Roger Albertsen
- Nils Arne Eggen
- Sverre Brandhaug
- Odd Iversen
- Harald Sunde
- Jahn Ivar «Mini» Jakobsen
- Ola By Rise
- Gøran Sørloth
- Karl Petter Løken
- Bent Skammelsrud
- Erik Hoftun
- Roar Strand
- Harald Martin Brattbakk
[endre] På verdsveven
Rosenborg – spelarstallen 2007 |
---|
Målmenn |
---|
1 Espen Johnsen (på utlån til Strømsgodset) |
13 Lars Hirschfeld |
28 Alexander Lund Hansen |
Forsvarsspelarar |
---|
2 Miika Koppinen |
5 Christer Basma |
10 Vidar Riseth |
21 Ståle Stensaas |
22 Andreas Nordvik |
26 Bjørn Tore Kvarme |
33 Mikael Dorsin |
Midtbanespelarar |
---|
6 Roar Strand |
8 Didier Ya Konan |
11 Jan Gunnar Solli |
15 Per Ciljan Skjelbred |
19 Alexander Tettey |
27 Marek Sapara |
Abdoulrazak Traoré |
Angrepsspelarar |
---|
14 Steffen Iversen |
17 Øyvind Storflor |
23 Michael Kleppe Jamtfall |
24 Yssouf Kone |
25 Daniel Braaten |
Fotball | Tippeligaen | 2007-sesongen |
Brann | Fredrikstad | Lillestrøm | Lyn | Odd Grenland | Rosenborg | Sandefjord | Stabæk | Start | Strømsgodset | Tromsø | Viking | Vålerenga | Aalesund | |