Krosstog
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krosstog er historisk ein serie felttog som fann stad frå 1100- til 1300-talet, dei fleste godkjende av paven. Dei hadde som mål å tryggja kristen kontroll over Det heilage landet, som var under muslimsk kontroll.
Ordet krosstog vert i dag òg ofte nytta om alle krigar som vert utkjempa av religiøse årsaker eller der motsetnadene fell saman med religiøse skiljeliner, spesielt om aggressive kristne kampanjar kring særskilde tema (krosstog mot umoral), og stigmatiserande som karakteristikk særleg av det sterke kristne engasjementet i samfunnsspørsmål. På engelsk, særleg amerikansk engelsk, nyttar ein ordet (crusade) om nær sagt alle kampanjar (til dømes mot narkotika).