Led Zeppelin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Led Zeppelin er ei engelsk rockegruppe som vart starta i 1968 og hadde fire bandmedlemmer; Jimmy Page, Robert Plant, John Bonham og John Paul Jones.
Led Zeppelin var eit av dei mest populære og dominerande banda innanfor rocken på syttitallet. Dei var eit av dei fyrste verkelege hardrockbanda. Dei blanda saman musikksjangrar som blues og britisk folkemusikk inn i sitt eige lydbilete. Dei klarte å etablera eit mystisk bilete av seg sjølve, mesteparten av kontakten med publikum var gjennom albuma og konsertar. Dei gav ikkje så mange intervju, og gav ut få singlar. Dei nekta å gje ut singlar av populære songar frå albuma. «Stairway to Heaven» er eit døme på dette. Den vart ein stor radiohit og den mest spelte albumorienterte songen gjennom tidene, men vart aldri gjeve ut som singel. Dei gav ut ni album frå 1969 til 1979. I ettertid er det kome like mange Led Zeppelin-album ut, i form av nyinnspelingar og samleplater, for det meste i regi av frontfigurane Jimmy Page og Robert Plant. Desse to har hatt fleire prosjekt etter Led Zeppelin-perioden, både i lag og kvar for seg.
I 1980 vart dei oppløyst grunna John Bonham sin bortgang. 25. september vart han funne i si eiga seng, etter han drukke heile dagen. Han hadde svima av og vorte kvald av sitt eige oppkast. I desember 1980 uttalte Led Zeppelin at dei ikkje kunne fortsetja utan John Bonham og dei vart oppløyst.
[endre] Eksterne Lenkar
- Stairway to Heaven gitar tabulatur, musikkvideoer, tekst etc., på Stairway to Heaven vevsiden.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |