Marsipan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marsipan er ein konfekt laga av malne mandlar og melis, i om lag like store mengder. Marsipan er ein opphavleg persisk eller arabisk matrett som i dag blir mykje bruka i nordafrikansk, iberisk, sentraleuropeisk og skandinavisk kultur. Marsipan vert ofte smaksett med saft eller sherry, og farga med konditorfargar. I Skandinavia høyrer heimelaga marsipanfigurar til det tradisjonelle julegodtet.
Kategoriar: Konfekt | Søtmat | Julemat