McDonald’s
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
McDonald’s er eit amerikansk selskap som sel snøggmat, først og fremst hamburgarar.
Selskapet vart grunnlagt av brørne Dick og Mac McDonald. Den første restauranten vart opna i 1940 i San Bernardino i delstaten Florida. I 1961 vart selskapet overteke av Ray Kroc. I dag (2005) har kjeda over 30 000 resturantar i 119 land. Den best kjende hamburgaren til McDonald’s er Big Mac. I 1983 opna den fyrste McDonald’s-restauranten i Noreg, i Nedre Slottsgate i Oslo.
McDonald’s arbeider etter ein modell der ein sjølvstendig arbeidsgjevar driv ein restaurant, og får tilgang til produkta, varemerka og marknadsføringa til moderselskapet. Ein del av resturantane vert òg drivne av McDonald’s sjølve.