Pave Benedikt XV
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pave Benedikt XV | |
Benedictus XV | |
![]() |
|
Dåpsnamn: | Giacomo della Chiesa |
Fødd: | 21. november 1854, Genova |
Død: | 22. januar 1922, Roma |
Vald: | 3. september 1914 |
Innsett: | - |
Saligkåra: | - |
Heilagkåra: | - |
Festdag: | - |
Føregjengar: | Pave Pius X |
Etterfylgjar: | Pave Pius XI |
Benedikt XV (21. november 1854–22. januar 1922) var pave frå 3. september 1914 til han døydde i 1922.
Benedikt var fødd Giacomo della Chiesa i ein adeleg familie i Genova. Han tok den juridiske doktorgraden i 1875, og studerte seinare ved presteskolar og ved Vatikanets diplomatakademi, før han gjorde karrière som diplomat i teneste for pavestolen.
I 1907 avslutta han den diplomatiske tenesta og vart erkebiskop av Bologna. I 1914 vart han utnemnd til kardinal, og i den eigenskapen heldt han ei tale ved utbrotet av fyrste verdskrig om kyrkja sin posisjon og kyrkja sine plikter, der han la vekt på behovet for nøytralitet og for framjing av fred og eliminering av liding. Konklavet opna i slutten av august, og den 3. september vart Giacomo della Chiesa vald til pave. Han tok namnet Benedikt XV.
Pontifikatet hans vart dominert av krigen og dei turbulente fylgjene av den. Han organiserte omfattande humanitære aksjonar, bl.a. etablerte han eit byrå som skulle hjelpe krigsfangar frå alle nasjonar å kontakte familiane deira, og gjorde fleire forsøk på å forhandle fred (bl.a. det velkjente pavelege forslaget frå 1917), men alle sider såg på han som vennligsinnet ovanfor fienden og var uvillige til å akseptere dei betingelsane han føreslo. Vatikanet vart ikkje gjort delaktige i fredsforhandlingane då krigen slutta, men paven utstedte ein encyklika, Pacem Dei munus, der han ba om internasjonal forsoning. I etterkrigstida la han ned mykje arbeid i å utvikle den kyrkjelege administrasjonen til betre å kunne handtere det nye samfunnet som utvikla seg.
Føregjengar: Pius X |
Pave |
Etterfylgjar: Pius XI |