Queen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Queen er eit britisk rockeband som hadde si glanstid på 1970-talet og 1980-talet. Bandet er spesielt kjende for sportssongar og klassiske rockesongar, spesielt hitane «We Are the Champions» og «Bohemian Rhapsody». «Bohemian Rhapsody» blei utgitt i 1975, promotert av tidenes første suksessfulle musikkvideoar. Denne songen blei også gitt ut i 1992 takka vere filmen Wayne's World. Queen er kjende som pionerar innan tungmetall, glam-rock og stadion-rock.
Innhaldsliste |
[endre] Opphav
Queen kan sporast tilbake til 1968, da gitaristen Brian May og trommeslagaren Roger Taylor var medlemmer av trioen Smile. Etter at gruppa sin bassist og framfigur Tim Staffell slutta våren 1970, fikk dei med seg vokalisten Freddie Mercury i april 1970 og danna Queen. I 1971 kom det siste medlemmet til, John Deacon, etter at han hadde sett ei annonse om at bandet trengte ein bassist.
[endre] Medlemmer
Sjølv om Freddie Mercury vanlegvis stod i sentrum for merksemda, skreiv alle fire medlemma av Queen store hits:
- Freddie Mercury, vokal («Bohemian Rhapsody»)
- Brian May, gitar («We Will Rock You»)
- Roger Taylor, trommer og perkusjon («Radio Ga Ga»)
- John Deacon, bassgitar («Another One Bites the Dust»)
Dei fleste av Queen sine plater hadde minst éin song av kvart medlem, og sjølv om Mercury stod for mange av gruppas store hits, var han på ingen måte dominerande som låtskrivar: alle såg kvarandre som kreativt likeverdige, og den litt stille bassisten John Deacon skrev ein av deira største hits, «Another One Bites the Dust». I seinare år var det vanleg at to, tre eller alle fire samarbeidde på songar, og etter usemje over kven som fikk æra for desse songane, blei dei einige om å berre setje «Queen» som låtskrivar i staden for det enkelte medlem (frå plata The Miracle og vidare).
[endre] Historie
[endre] 1968-1970
Brian May og Roger Taylor spelte i eit band kalla Smile med bassist/vokalist Tim Staffell. Freddie var Tims romkamerat på Ealing Arts College, og fulgde med på Smiles øvingar og konsertar. På den tida var Freddie vokalist i andre band, som Wreckage og Ibex. Han var likevel ivrig til å meddele sine idear om kva for ein retning Smile burde ta. Etter kvart fant Tim Staffell ut at Smile ikkje gikk noen veg, og bestemte seg for å bli med i eit band kalla Humpy Bong. Freddie var rask til å steppe inn for Tim, og dei starta å leite etter ein bassist; ein av dei første var Barry Mitchell. Det var ikkje før i 1972 at dei fann John Deacon og byrja å øve til si første plate, Queen.