Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rendalen er ein kommune i Hedmark fylke. Kommunen grensar i nordvest mot Alvdal og Tynset, i nord mot Tolga, i aust mot Engerdal, i sør mot Trysil og Åmot, og i vest mot Stor-Elvdal.
Rendalen kommune omfattar det meste av Rendalen, ein sidedal til Østerdalen. Kommunen omfattar i tillegg den nordlege delen av Storsjøen, store fjellområde aust for Rendalen og ein mindre del av sjølve Østerdalen. Naturen er karrig med mye sandgrunn og furuskog. Kommunen er 3174 km2 stor, og er dermed den største i Sør-Noreg. Hovudnæringer er jordbruk og skogbruk, men òg turistnæringa aukar på. På Renåfjellet er det raskt veksande hyttefelt og alpinanlegg. Verdt å sjå i Rendalen er mellom anna Jutulhogget, Bull-museet, Fiskevollen og Sølen.
[endre] På verdsveven