Saladin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Saladin (egentlig Yussuf ibn-Ayyub Salah ad-Din; صلاه الدين يوسف ابن ايوب) var av kurdisk ætt og grunnla Ayyubide-dynastiet i Egypt og Syria. Han er også kjend i både den kristne og muslimske verda som som ein dugeleg muslimsk herførar under det tredje krosstoget. Han vart fødd i Tikrit (same by som Saddam Hussein, 800 år seinare) i dagens Irak.
Han var ein av få, om ikkje den einaste, muslimske herføraren som vart hugsa med respekt i den kristne verda for di han handsama kristne fangar skånsamt. Mest kjend er han for sigrane ved Hattins Horn ved Tiberias i Galilea den 4. juli 1187, der det meste av dei kristne krosstogsstyrkane vart utsletta, og då han hertok Jerusalem 2. oktober same året. I denne samanhengen kravde han løysepengar for å frigjeva kristne fangar. Då dei som kunne (deriblant patriarken av Jerusalem), hadde kjøpt seg frie, lét han resten få fritt leide i staden for å gjera dei til trælar.