Jerusalem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerusalem (klassisk hebr. יְרֽוּשָׁלִַֽם [jərūšā'laim]; isr. hebr. Yerushalayim יְרוּשָׁלַיִם [jərūšā'lajim]; arabisk Al-Quds القدس [al-qūds], gresk Ιερουσαλήμ)) er ein by i Midtausten i det historiske landskapet Israel/Judea/Palestina. Eit namn på byen med røter i norrønt språk er Jorsal. Byen ligg på vasskiljet mellom Middelhavet og Dødehavet, på eit høgdedrag frå 650 til 840 meter. Jerusalem ligg aust for Tel Aviv, sør for Ramallah, vest for Jeriko og nord for Betlehem.
Jerusalem har opp gjennom åra vore ein omstridd by. Som hovudstad i det historiske Palestina og for Israel/Judea er han jødane og dei kristne sin hovudby. Byen er òg religiøst viktig for muslimane.
Jerusalem er frå 1950 de facto hovudstad i staten Israel. Fram til 1967 var berre vest-Jerusalem ein del av Israel. Sidan seksdagarskrigen i 1967 har Israel òg styrt over aust-Jerusalem. Israel gjer krav på heile byen som sin hovudstad, men det er ikkje internasjonalt anerkjent. Nesten alle ambassadar ligg difor i Tel Aviv, Israel sin internasjonalt anerkjende hovudstad. Palestinarane gjer krav på Aust-Jerusalem som hovudstad for dei palestinske sjølvstyresmaktene i ein framtidig palestinsk stat. Etter SN sin delingsplan frå 1947 skal Jerusalem vera ein internasjonal by under SN-styre. Israel vedtok ei lov der det vart slege fast at Jerusalem var Israel sin «evige og udelelege hovudstad».
I Jerusalem ligg mellom anna heilagdomane:
- Vestmuren, òg kjend som «Klagemuren» blant ikkje-jødar
- Grava til Jesus
- Klippemoskéen
[endre] Sjå òg
- Kongeriket Jerusalem
- Tempelet i Jerusalem - eit fellesnamn for dei jødiske templa som har eksistert på tempelhøgda i Jerusalem.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |
Kategoriar: Jerusalem | Israel | Palestina | Jødedom | Kristendom | Byar i Israel | Geografispirer | Spirer 2007-04