Scary Monsters (and Super Creeps)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scary Monsters (and Super Creeps) Studioalbum av David Bowie |
||
Utgjeve | 12. september 1980 | |
Innspelt | The Power Station i New York City; Good Earth Studios i London februar-april 1980 | |
Sjanger | Rock, New Wave, Post-punk | |
Lengd | 45:08 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | David Bowie, Tony Visconti | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Lodger (1979) |
Scary Monsters (and Super Creeps) | Let's Dance (1981) |
Scary Monsters (and Super Creeps) er eit album av den britiske artisten David Bowie frå 1980. Dette var det siste albumet Bowie spelte inn for plateselskapet RCA Records. Dette var det første albumet etter den såkalla Berlintriologien til Bowie, som bestod av albuma Low, "Heroes" og Lodger (1977-1979). Sjølv desse albuma vert sett på som nokre av dei viktigaste Bowie gjorde, var dei ikkje spesielt kommersielt suksessrike. [1] Med Scary Monsters oppnådde derimot Bowie «den perfekte balansen»,[2] både musikkpressa hylla det og det nådde førsteplass i Storbritannia. [3][4]
Innhaldsliste |
[endre] Produksjon
I følgje medprodusent Tony Visconti var Bowie sine metodar mindre eksperimentelle under innspelinga, og han prøvde meir å få eit kommersielt lydbilete enn på sine tidlegare plater. Derfor var Bowie meir for seg sjølv, og utvikla tekstar og musikk før dei gjekk i studio, i staden for å improvisere fram musikk og tekstar.[2] Bortsett frå ein coverversjon av Tom Verlaine sin «Kingdom Come», var alle songane skrive av Bowie aleine, i motsetnad til Berlintriologien der han hadde fleire medlåtskrivarar med seg. Mellom anna var ikkje Brian Eno lenger med, men Robert Fripp vart igjen med på gitar, som han hadde vore på "Heroes". Bruce Springsteen sin pianist Roy Bittan var òg tilbake på sitt første Bowie-album sidan Station to Station (1976), medan Pete Townshend frå The Who gjesta på songen «Because You’re Young».
[endre] Stil og tema
Den første singelen frå albumet var «Ashes to Ashes», som raskt gjekk opp til førsteplass i Storbritannia. Songen var bygd rundt eit fengande gitarsynth tema av Chuck Hammer, og teksten omhandla karakteren Major Tom frå Bowie sin første hit«Space Oddity». I tillegg til at plata vart hylla og gjekk til topps på listene, vert den tilhøyrande musikkvideoen rekna som banebrytande.[5]
Sjølv om «Ashes to Ashes» nærmar seg popmusikk, vert mykje av resten av albumet rekna som eit råare og hardare album enn Bowie hadde gjeve ut sidan Diamond Dogs (1974).[4] Dette kan ein til dømes høyre på opningsporet «It's No Game (Pt. 1)», på tittelsporet eller den andre singelen, «Fashion»[4].
[endre] Plateomslag
Plateomslaget viser Bowie i Pierrot-kostymet frå videoen til «Ashes to Ashes» i lag med bilete teke av Brian Duffy og Edward Bell-maleri.
[endre] Omtale
RCA gav ut Scary Monsters med slagordet «Often Copied, Never Equalled», som ein direkte referanse til dei nye New Wave-artistane som var inspirert av Bowie på denne tida. [2] Albumet vart ofte hylla av musikkpressa, og Record Mirror gav t.d. albumet sju av fem stjerner,[2]. Albumet gjekk til topps på dei britiske albumlistene og til 12. plass i USA.
Sjølv om Bowie selde enno meir av sitt neste studioalbum Let's Dance i 1983, vert Scary Monsters av mange rekna som det siste av dei store Bowie-albuma[6] og albumet alle dei seinare Bowie-albuma vert samanlikna med.[2] Seinare album som Heathen eller Reality, vart ofte kalla «det beste albumet sidan Scary Monsters».[7]
I 2000 plasserte musikkmagasinet Q albumet på 30. plass av dei 100 beste britiske albuma nokon sinne.
[endre] Innhald
Alle songar skriven av Bowie, bortsett frå der andre er nemnd.
- «It's No Game (No. 1)» – 4:15
- «Up the Hill Backwards» – 3:13
- «Scary Monsters (and Super Creeps)» – 5:10
- «Ashes to Ashes» – 4:23
- «Fashion» – 4:46
- «Teenage Wildlife» – 6:51
- «Scream Like a Baby» – 3:35
- «Kingdom Come» (Tom Verlaine) – 3:42
- «Because You're Young» – 4:51
- «It's No Game (No. 2)» – 4:22
[endre] Nye utgåver
Albumet har vorte gjeve ut på CD fire gonger. Den første var i 1984 av RCA, den andre i 1992 av Rykodisc (med fire bonusspor), den tredje i 1991 av EMI (med nymastra digitallyd og utan bonusspor) og sist i 2003 av EMI som SACD (Super Audio Compact Disc).
[endre] Bonusspor 1992
- «Space Oddity» (Nyinnspelt versjon frå 1979) – 4:47
- «Panic in Detroit» (Nyinnspelt versjon frå 1979, tidlegare ikkje gjeve ut) – 3:00
- «Crystal Japan» (Japansk singel frå 1979) – 3:08
- «Alabama Song» (Britisk singel frå 1979) – 3:51
[endre] Medverkande
- David Bowie – vokal, tangentinstrument, korist
- Dennis Davis – trommer
- George Murray – bass
- Carlos Alomar – gitar
- Chuck Hammer – gitar
- Robert Fripp – gitar
- Roy Bittan – piano
- Andy Clark – synthesizer
- Pete Townshend – gitar
- Tony Visconti – akustisk gitar, korist
- Lynn Maitland – korist
- Chris Porter – korist
- Michi Hirota – stemmer på «It's No Game (No. 1)»
[endre] Fotnotar
- ↑ David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.302
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 David Buckley (1999). Ibid: s.363-375
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.314
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.108-114
- ↑ Nicholas Pegg (2000). Op Cit: p.29
- ↑ All Music Guide anmelding
- ↑ Google-anmeldingar
David Bowie |
---|
Diskografi |
Studioalbum |
David Bowie | Space Oddity | The Man Who Sold the World | Hunky Dory | The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | Aladdin Sane | Pin Ups | Diamond Dogs | Young Americans | Station to Station | Low | "Heroes" | Lodger | Scary Monsters (and Super Creeps) | Let's Dance | Tonight | Never Let Me Down | Black Tie White Noise | Outside | Earthling | ’hours...’ | Heathen | Reality |
Med Tin Machine |
Tin Machine | Tin Machine II |
Konsertalbum |
David Live | Stage | Ziggy Stardust - The Motion Picture | Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Santa Monica ’72 | Bowie at the Beeb | LiveAndWell.com |
Filmmusikk |
Christiane F. | Labyrinth | The Buddha of Suburbia | |
Tilknytta artiklar |
Tony Visconti | Brian Eno | Mick Ronson | Iggy Pop |