Station to Station
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Station to Station Studioalbum av David Bowie |
||
Utgjeve | 23. januar 1976 | |
Innspelt | Los Angeles, september-desember 1975 | |
Sjanger | Rock, Funk | |
Lengd | 38:08 | |
Selskap | RCA Records | |
Produsent | David Bowie, Harry Maslin | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Young Americans (1975) |
Station to Station | Low (1976) |
Station to Station er eit album av den britisk artisten David Bowie frå 1976. Albumet viser ein meir naken versjon av Bowie sin soulfigur, kalla The Thin White Duke. Då albumet vart spelt inn var Bowie svært avhengig av narkotika, og særleg kokain. Det har vorte hevda at Bowie leid av kokainpsykose i denne perioden, og derfor ikkje hugsar noko av innspelinga. Bowie har skulda på dårleg dømekraft då han vart introdusert for kokain i USA. Station to Station viste ei ny retning i musikken til Bowie, med bruk av synthesizerar og elektroniske rytmar som lente mot tysk krautrock. Dette er mest tydeleg på tittelsporet, som delvis har ein motorik-rytme, og tekst som påkallar Aleister Crowley og okkulte tema som fasinerte Bowie på denne tida. Denne retninga nådde toppen med det som mange reknar som Bowie sine beste verk, Berlintriologien, som vart spelt inn og skrive i lag med Brian Eno og produsent Tony Visconti.
Omslaget frå albumet er eit stillbilete frå filmen The Man Who Fell to Earth frå 1976, som hadde Bowie i hovudrolla.
Innhaldsliste |
[endre] Innhald
Alle songar skriven av Bowie, bortsett frå der andre er nemnd.
- «Station to Station» – 10:14
- «Golden Years» – 4:00
- «Word on a Wing» – 6:03
- «TVC 15» – 5:33
- «Stay» – 6:15
- «Wild Is the Wind» (Ned Washington, Dimitri Tiomkin) – 6:02
[endre] Ny utgåver
Albumet har vorte gjeve ut på CD tre gonger. Første gong var i 1985 av RCA, andre gong i 1991 av Rykodisc (med to bonusspor), og tredje gong i 1999 av EMI (med nymastra digital lyd og utan bonusspor).
[endre] Bonusspor 1991
- «Word on a Wing» (Live) – 7:24
- «Stay» (Live) – 6:10
[endre] Medverkande
- David Bowie – vokal, gitar, tenor og alt sakosofon, Moog, Mellotron
- Carlos Alomar – gitar
- Roy Bittan – piano
- Dennis Davis – trommer
- George Murray – bass
- Warren Peace – korist
- Earl Slick – gitar
David Bowie |
---|
Diskografi |
Studioalbum |
David Bowie | Space Oddity | The Man Who Sold the World | Hunky Dory | The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | Aladdin Sane | Pin Ups | Diamond Dogs | Young Americans | Station to Station | Low | "Heroes" | Lodger | Scary Monsters (and Super Creeps) | Let's Dance | Tonight | Never Let Me Down | Black Tie White Noise | Outside | Earthling | ’hours...’ | Heathen | Reality |
Med Tin Machine |
Tin Machine | Tin Machine II |
Konsertalbum |
David Live | Stage | Ziggy Stardust - The Motion Picture | Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Santa Monica ’72 | Bowie at the Beeb | LiveAndWell.com |
Filmmusikk |
Christiane F. | Labyrinth | The Buddha of Suburbia | |
Tilknytta artiklar |
Tony Visconti | Brian Eno | Mick Ronson | Iggy Pop |