Skorpa i Herøy på Sunnmøre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Skorpa er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre.
Skorpa ligg rett vest av Nerlandsøya, skilt av Skorpesundet. Terrenget er bratt og ulendt, med Keipen på 431 meter som det høgste punktet. Det er ikkje lenger fast busetnad på øya, og i dag vert Skorpa hovudsakleg nytta til fritidsbustadar og beite for ein stamme villgeiter.
Matrikkelgarden Skorpa hadde gardsnummer 1. Skorpa er òg ein grunnkrins.
[endre] Andre verdskrigen
Skorpa var eit viktig kontaktpunkt for Shetlandsbussen og anna alliert, militær trafikk under andre verdskrigen. Øya var òg ein stad der agentar og motstandsfolk både møttes og søkte dekning. For mange som rømte til Storbritannia, var dette siste stoppestaden, og første for mange agentar på veg inn i Noreg.
I 1940 vart engelske soldatar gøymde, før dei vart ført til Shetland i fiskebåtar. 1941 var første året norske båtar gjekk mellom Noreg og Shetland, og desse var òg innom. 17. november 1943 gjekk første turen til KNM «Hitra» til Noreg og Skorpa, der dei skulle hente 10 rømlingar som gøymde seg i sommarfjøsen i Skorpesundet. Og i 1943, etter at båten «Bergholm» forliste utanfor Kristiansund med mellom andre Shetlands-Larsen ombord, kom etterkvart både han og fylgjet til sommarfjøsen i Skorpesundet.
Dei fleste allierte gøymestadane langs norskekysten vart avslørt etter 7–8 månader, men Skorpa haldt heile krigen gjennom. Tyske soldatar heldt fleire husransakingar, men trass i at dei var svært nære, fann dei aldri illegale radioar. Nokre av innbyggjarane var ekstra aktive i motstandskampen, og Gerhard og Sina Skorpen måtte røme til England under dekkje av at dei hadde drukna. Gerhard vart etterkvart mannskap på KNM «Vigra» der Leif Larsen var skipper. Mot slutten av krigen var dei òg nokre gongar innom Skorpa.
[endre] Sjå òg
- Skorpa som etternamn
- Skorpen som etternamn
- O. Rygh: Norske Gaardnavne