Sven Fischer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sven Fischer (fødd 16. april 1971 i Schmalkalden i Thüringen i Tyskland (DDR) er ein tysk skiskyttar. Han er fleire gonger olympisk meister og verdsmeister i skiskyting, og har vunne verdscupen samanlagt to sesongar.
Fischer vann sin første europacup-siger i desember 1990 i Hochfilzen. Han har gått individuelle renn i verdscupen i skiskyting sidan 1992/93-sesongen. Sidan 1995/96-sesongen har han alltid endt blant dei ti beste i verdscupen samanlagt. Alt i 1993 vann han bronse med det tyske stafettlaget i VM. Sin første individuelle medalje i eit stort meisterskap tok han i OL på Lillehammer i 1994, med bronse på 20 km, her var han òg med å vinna stafetten. Stafetten var han òg med å vinna i Vinter-OL 1998 i Nagano. I Vinter-OL 2002 i Salt Lake City fekk han sølv på sprinten og stafetten og i Vinter-OL 2006 i Torino vann han sprinten og stafetten.
I VM har Fischer tilsaman vunne sju gullmedaljar, eit i lagkonkurransen (1993), fire på stafett (1995, 1997, 2003, 2004) og på 20 km og fellesstart i Kontiolahti i 1999. Han har vunne 33 verdscuprenn, tredje mest etter Ole Einar Bjørndalen og Raphaël Poirée, og vann verdscupen samanlagt i 1996/97- og 1998/99-sesongen.
Eit særtrekk ved Sven Fischer er at han alltid konkurrerer utan hanskar og brukar eit særeige ladegrep. Han snakkar òg litt norsk.
Med sambuaren Doreen har han ei dotter.
[endre] Kortfatta merittliste
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- To sigrar (1996/97 og 1998/99), to andreplassar, tre tredjeplassar
- Verdsmeisterskap:
- 7 gull (2 individuelle), 8 sølv, 7 bronse
- Olympiske leikar:
- 4 gull (1 individuelt, sprint, 2006), 2 sølv, 2 bronse
- Verdscuprenn:
- 33 gull, 20 sølv, 33 bronse