Tasmansk djevel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tasmansk djevel eller pungdjevel (Sarcophilus harrisii eller Sarcophilus laniarius), er eit lite dyr på storleik med ein stor katt. Han har fått namnet sitt fordi han i forhold til storleiken sin har ein av verdas sterkaste kjevar. Dersom han føler seg trua lagar han eit brøl som kan høyras ut som eit uhyre som skrik. Han har vore utbreidd i heile Australia, men no finst han berre på øya Tasmania.
No herjar ein kreftsjukdom som truar med å utrydde den tamanske djevelen. Forskarar i Australia gjer alt for å finne ein kur mot den drastiske nedgangen i talet på arten.