Troll A
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Troll A er ei oljeplattform (gassplattform), sett opp for å utvinna naturgass frå Trollfeltet. Bygginga av Condeep-plattforma var eit av dei største ingeniøroppdraga gjennom historia. Statoil er operatør for feltet. Gassen vert sendt inn til Kollsnes i Øygarden kommune, der gassen vert prosessert. Plattformen vart bygd av Norwegian Contractors for Norske Shell, som var operatør i utbyggingsfasen. Då plattforma vart taua ut i Nordsjøen i 1995, vart det sendt på fleire fjernsynskanalar.
Plattforma er bygd av armert betong. Ho står på havbotnen 303 meter under havoverflata.
Gass vert utvunne frå 40 gassbrønnar, og vert frakta gjennom ulike røyrleidningar. Understellet og dekket vart bygd kvar for seg (med byggestart i 1991-1992). Dekket vart sett på medan understellet var delvis økt ned. Troll A vart taua over 200 km frå Vats, nord i Rogaland fylke, og ut til Trollfeltet 80 km nordvest for Bergen. Tauinga tok sju dagar.
I oktober 2006 heldt Katie Melua ein konsert nedst i det eine betongbeinet til Troll A plattformen. Konserten sette ein ny Guiness verdsrekord for å vera den konserten som er halden djupast under havoverflata.
[endre] Nokre fakta
- Sett på plass på feltet: 17. mai 1995
- Produksjonsstart 9. februar 1996
- Plattforma er det høgaste byggverket som er flytta av menneske. Plattforma er totalt 472 meter høg, av dette 369 meter under vatn.
- Plattformvekta er 656 000 tonn
- Trollfeltet er rekna totalt å innehalda kring 1300 milliardar kubikkmeter naturgass
- Plattforma vart i 1999 kåra av lesarane av Teknisk Ukeblad til århundrets ingeniørbragd
- Pr. 31.12.2005 er det investert totalt 53,9 milliardar 2006-kroner i feltutbygginga av Troll Gass
[endre] Sjå òg
- Troll B - flytande produksjonsplattform for utvinning av råolje frå Trollfeltet
- Troll C - flytande produksjonsplattform for utvinning av råolje frå Trollfeltet
- Troll Pilot - prosessanlegg på havbotnen