Vang kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:NO 0545 Vang kart.svg | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0545 |
Fylke: | Oppland |
Administrasjonssenter: | Vang i Valdres |
Flatevidd: | 1 503 km² |
Folketal: | 1 624 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.vang.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Knut O. Haalien (Sp) 2004 |
Vang er ein kommune i Oppland. Den grenser i nord til Lom og Vågå, i aust til Øystre Slidre, i søraust til Vestre Slidre, i sør til Hemsedal, og i vest til Lærdal og Årdal.
[endre] Areal og folkesetnad
Dei fleste vangsgjeldingane bur i Ryfoss, Vang, Øye og på Tyinkrysset. Vang har fire barneskular: Vang (Grindaheim), Høre, Øye og Åsvang. Det er ein ungdomsskule på Grindaheim.
[endre] Historie
Vang, som resten av Valdres, vart opprinneleg folkesett med immigrantar frå Vestlandet. I 1153 vart Valdres av denne grunnen inkludert av Kardinal Breakspear i bispedømet i Stavanger.
På den gamle tingvollen der Vang stavkirke ein gong stod, heldt Håkon VI ting i 1368. Då vart ein grensetvist løyst med ein grensestein som står til denne dag.
Høgt oppe i Filefjell står Nystua, der reisande ein gong fann ly når dei skulle over til Vestlandet. På andre sida av den tronge dalen som snor seg over fjellet ligg Maristua, som vart sett opp etter påbud av Dronning Margrete rundt 1390. Sjølv om Nystua fyrst er nemnd i 1627 er den sannsynlegvis mykje eldre. Begge desse skysstasjonane vart vedlikeheldne av staten fram til 1830.
I Smeddalen rett vest for Nystua stod for fleire århundre sidan ei kyrkje, St. Thomaskyrkja på Filefjell. Det var ei stavkyrkje som er omtala fyrste gong i 1615, men antakelegvis var den mykje eldre. På grunn av martnan som var mellom sogningar og valdrisar, og som tidvis var ganske valdelige, vart kyrkja beslutta riven. Det var så gale at det vart sagt at «når kjerringe sende maan sin på martnan so sende ho med håna ein likkjortel». I 1808 var kyrkja vekke men martnan heldt fram.
[endre] Verdt å sjå
- Øye stavkyrkje (bygt 1150 - 1200)
- Høre stavkyrkje (bygt i 1180)
- Vang stavkyrkje, no flytta til Karpacz i Karkonosze-fjella i Polen
- Vangsteinen utanfor Vang kirke
- Leinekvernene på nordsida av Vangsmjøse
- St. Thomaskyrkja på Filefjell
- Ryfossen
- Sputrefossen
|