Viktor Jusjtsjenko
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Viktor Andrijovitsj Jusjtsjenko (ukrainsk Віктор Андрійович Ющенко), fødd 23. februar 1954 i Khoruzjivka i Sumy oblast, er ein ukrainsk politikar, og president i Ukraina sidan 23. januar 2005. Han har òg vore statsminister i Ukraina, frå 1999 til 2001. Dei offisielle resultata etter presidentvalet 21. november 2004 erklærte Jusjtsjenko som tapar, og den forrige presidenten sin foretrekte kandidat, Viktor Janukovytsj som vinnar. Anklagar om valfusk utløyste massive gatedemonstrasjonar, som vart kjende som den oransje revolusjonen. Til slutt vart valet underkjent, og eit nytt vart heldt 26. desember. Jusjtsjenko vart vald som president med 52,0 % av røystene i omvalet.
Føregjengar: Valerij Pustovojtenko |
Statsminister i Ukraina |
Etterfylgjar: Anatolij Kinakh |
Føregjengar: Leonid Kutsjma |
President i Ukraina (2005–)
|
Etterfylgjar: |
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |