A Midsummer Night’s Dream
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Midsummer Night’s Dream, kalla En midtsommernattsdrøm på norsk, er ein romantisk komedie av William Shakespeare, skrive ein gong rundt midten av 1590-åra. Stykket skildrer opplevingane til to unge kjærleikspar og ei gruppe amatørskodespelarar i ein forheksa skog. Som mange andre stykke av Shakespeare handlar stykket om kjærleik, sjalusi og sorg.
Innhaldsliste |
[endre] Om A Midsummer Night’s Dream
[endre] Handling
Hermia er forelska i Lysander, men far hennar nekter henne dette ynsket sidan han ynskjer at ho skal gifte seg med Demetrius. Saka vert teken opp med hertugen Thesevs, som er midt i bryllaupsførebuingane sine, som seier klart i fra om at dottera skal lyde far sin uansett. Hermia og Lysander bestemmer seg for å flykte, og dette får Demetrius vite og fylgjer etter dei til skogen utanfor Athen og etter han fylgjer Helena som er forelska i Demetrius. Samtidig er det ei amatørteatergruppe som øver seg til stykket som skal spelast i Thesevs sitt bryllaup i skogen. Dette er råma rundt dei mytologiske og humoristiske hendingane i og utanfor skogen.
[endre] To ulike sider ved kjærleiken
I likskap med Romeo og Julie, tek A Midsummer Night’s Dream opp noko ved kjærleiken. I dette skodespelet vert dei to ulike sidene av kjærleiken tekne opp. Dette vert gjenspegla gjennom kjærleikspara Thesevs og Hippolyta og Oberon og Titania. Gjennom Thesevs og Hippolyta ser ein fødinga av kjærleik som har vokse fram trass i lite romantisk byrjing (Thesevs vann Hippolyta etter at han sigra over amasonene). Gjennom Oberon og Titania ser ein at kjærleiksproblema dukkar opp etter mange års forelsking der komplikasjonar dukkar opp og seinare vert løyste og forsona.
[endre] Tolking
Tolkinga av skodespelet vert ofte tolka på mange måtar på same måte som skodespelet Romeo og Julie, som vart skriv rundt same tid som A Midsummer Night’s Dream vart skriven. Begge desse skodespela er på mange måtar veldig like kvarandre. Begge handlar om to personar som er forelska i kvarandre, men som aldri kan verte eit par sidan fedrene deira nektar dette av ulike årsaker og vil at dottera deira skal gifte seg med ein annan som dei har utpeika. I motsetnad til Romeo og Julie, endar dette skodespelet godt, takka vere mytisk hjelp. I tillegg til dette vert det tolka som ei skildring av haldningar og tru frå gamal tid samt at mange tema som ein har vore oppteken av i alle tider, som t.d. sjalusi og sorg, vert tekne opp her.
I scena der skodespelet vert spela, tolkar ein som Shakespeare kommentar til komedien.
[endre] I Noreg
I Noreg vart skodespelet fyrste gong utgjeve i 1930 på Somes forlag i Rolf Hiorth Schøyen si omsetjing. Skodespelet har vorte nyomsett fleire gonger. Mellom anna har Aschehoug forlag gjeve ut ei utgåve på riksmål som er attdikta av André Bjerke.
[endre] Shakespeare sine kjelder til A Midsummer Night’s Dream
- Ovid: Pyramus and Thisbe, henta frå Metamorphoses.
- Apuleius: The Golden Ass.
- Geoffrey Chaucer: The Knight's Tale, henta frå The Canterbury Tales (1378-1400).
[endre] Roller
- Thesevs, hertug av Athen
- Egevs, Hermia sin far
- Lysander, ein av beilarane til Hermia
- Demetrius, ein av beilarane til Hermia
- Philostrat, muntrasjonsråd for Thesevs
- Apal, tømmermann
- Snapp, snikkar
- Skyttel, vevar
- Løyte, belgflikkar
- Snute, kjeleflikkar
- Nåløye, skreddar
- Hippolyta, amasonedronning, trulova med Thesevs
- Hermia, dotter av Egevs, forelska i Lysander
- Helena, forelska i Demetrius
- Oberon, alvekongen
- Tittania, alvedronningen
- Pukk
- Erteblomst, alv
- Spindelvev, alv
- Møll, alv
- Sennepsfrø, alv
- Andre alvar som ledsagar kongen og dronninga si.
- Prologus, spilt av Apal
- Pyramus, spela av Skyttel
- Thisbe, spela av Fløyte
- Mur, spela av Snute
- Måneskinn, spela av Nålauge
- Løve, spela av Snapp
- Fylgjet til Thesevs og Hippolutas.