Aix-en-Provence
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aix-en-Provence | |
Departement | Bouches-du-Rhône |
Region | Provence-Alpes- Côte d'Azur |
Innbyggarar | 134 222 (1999) |
Folketettleik | 721 innb./km² |
Areal | 186,08 km² |
Aix-en-Provence eller berre Aix [eks] er ein universitetsby og kommune som ligg sør i Frankrike. Byen har i dag omlag 137 000 innbyggjarar, av dette ca. 30 000 studentar, og ligg i departementet Bouches-du-Rhône i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur .
Byen blei grunnlagd i 123 f. Kr. ved ein varm vasskjelde av den romerske konsulen Sextius Calvinus, som kalla opp staden etter seg og vatnet, som Aquae Sextiae. I det fjerde hundreåret var han blitt til metropolen Narbonensis Secunda. I mellomalderen blei Aix hovudstaden i Provence. Størst var han først frå 1100-talet av, då han blei eit lærdoms- og kultursenter under husa av Aragon og Anjou.
[endre] Kjende folk frå Aix
- Eleanor av Provence (d. 1291), dronning til Henry III av England
- Paul Cézanne (1839-1906), målar, levde og måla her
- Émile Zola (1840-1902), forfattar, vaks opp her, barndomsven av Cézanne
- Maurice Rouvier (1842-1911), politikar
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |