Alfred Maurstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Maurstad (26. juli 1896–5. september 1967)var ein norsk skodespelar, spelemann og regissør. Han vart fødd på Maurstad i Nordfjord.
Frå tidleg ungdom spela Alfred Maurstad til dans i Nordfjord, og gjorde fleire store konsertinnspelingar av norske slåttar med hardingfele.
Maurstad tok underoffisersskulen i Bergen. Han debuterte på Det Norske Teatret i 1920, og jobba på Nationaltheatret frå 1931. Han var sjef for Trøndelag Teater frå 1945 til 1950.
Maurstad spela hovudrolla i fleire suksessfilmar som Fant, Tørres Snørtevold og Gjest Baardsen.
I feriane budde Alfred Maurstad på det vesle småbruket på Maurstad. Det vart sidan overteke av skodespelarsonen Toralv Maurstad (f. 1926). Alfred Maurstad er også far til skodespelar Mari Maurstad.
Alfred Maurstad var Kommandør av St. Olavs orden. I 1977 vart Maurstad-monumentet (av Arnold Haukeland) avduka i Maurstad-parken på Nordfjordeid.